Underordenen Tyranni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyranni


Saksetyrann, Tyrannus forficatusFoto: Tyrannus forficatus
Saksetyrann, Tyrannus forficatus
Foto: Tyrannus forficatus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraordnadar
  • Eurylaimides
  • Tyrannides

Tyranni er ein underorden av sporvefuglar, òg kalla Suboscines. Han inneheld rundt 1200 artar, det store fleirtalet av desse er søramerikanske. Han er kalla opp etter den biologiske slekta Tyrannus.

Desse har ein annan anatomi for syrinx-muskulaturen enn Oscines, songfuglar av den større underordenen Passeri, derav det populærnamnet suboscines. Dei tilgjengelege morfologiske data, DNA-analysar, og biogeografiske data, i tillegg til avgrensa fossile funn, peikar mot at desse to store underordenar av sporvefuglar er evolusjonært distinkte kladar.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Sibley og Ahlquist sine arbeid med DNA-DNA hybridisering kan Tyranni delast vidare inn i tre kladar: Acanthisittides, Eurylaimides, og Tyrannides. Den første, som inneheld klatresmettar, Acanthisittidae, har ein omstridd posisjon. Gjeldande oppfatning er at dei er meir sannsynleg eit veldig tydeleg og gamle nedstamming, og utgjer ein eigen underordenen av Passeriformes.

  • Tyrannides samlar alle suboscine artar i Amerika, unntaket er amerikanske sapayoa. Rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012