Undersjøisk vulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Putelava danna av ein undersjøisk vulkan

Ein undersjøisk vulkan er ei undersjøisk sprekk i jordskorpa som det kjem magma ut av. Dei undersjøiske vulkanane utgjer om lag 75 % av det totale årlege magmautsleppet på jorda. Dei fleste av dei ligg nær område med tektonisk platerørsle, kjend som havryggar. Sjølv om dei fleste av dei ligg i havdjupet, finst det òg nokre få i grunnare farvatn, som kan kaste material ut i lufta under eit utbrot. Hydrotermale ventilar, stader med stor biologisk aktivitet, finst ofte nær undersjøiske vulkanar.

Vatnet rundt vulkanen gjer at desse vulkanutbrota har heilt andre kjenneteikn enn vulkanutbrot på landjorda. Til dømes vil den auka varmeleiingsevna til vatn føre til at magmaen vert mykje raskare avkjølg og størknar mykje raskare enn på land. Dette omformar ofte magmaen til vulkansk glas. På havdjupne under om lag 2243 meter under havoverflata, der trykket er over 218 atmosfærar, det kritiske trykket til vatn, kan ikkje lenger vatnet koke og det vert ei superkritisk væske. Utan lyden av kokande vatn, er djuphavsvulkanar vanskelege å oppdage ved hjelp av hydrofonar.

Undersjøisk vulkan i Bransfield-sundet i Antarktis.

Lavaen som vert danna frå undersjøiske vulkanar er ganske forskjellig frå dei på landjorda. Når lavaen kjem i kontakt med vatnet, dannar det seg raskt ei fast skorpe rundt lavaen, og dannar det ein kallar putelava.

Forskarar har framleis mykje å lære om plasseringa og aktiviteten til undersjøiske vulkanar. Kolumbo-vulkanen i Egearhavet vart oppdaga i 1640 då han steig opp av havet og tok livet av 70 menneske på den nærliggande øya Santoríni. Meir nyleg har NOAA sitt Office of Ocean Exploration gjeve midlar til å utforske undersjøiske vulkanar. I hovudsak er det Mariana-bogen i Stillehavet ved Eldringen ein har utforska. Ved hjelp av ROV-fartøy har forskarane studert undersjøiske utbrot, dammar med smelta svovel, svartrøyksskorsteinar og marint liv som har tilpassa seg det varme vatnet rundt desse vulkanske aktive områda.

Mange undersjøiske vulkanar finn ein som havfjell. Desse er som regel danna av utdøydde vulkanar som stig brått og som vanlegvis stig opp frå havbotn frå 1000 til 4000 meter djupne. Dei vert skildra av oseanografar som sjølvstendige fjell som stig til minst 1000 meter over resten av havbotn. Toppan er ofte hundre til fleire tusen meter under havoverflata og må derfor reknast som ein del av djuphavet.[1] Ein har estimert at det finst rundt 30 000 havfjell rundt om på jorda, og berre få av desse er studerte. Til dømes stig Bowie Seamount i det kanadiske Stillehavet frå ei djupne på om lag 3000 meter til berre 24 meter under havoverflata.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nybakken, James W. og Bertness, Mark D., 2005. Marine Biology: An Ecological Approach. Sixth Edition. Benjamin Cummings, San Francisco