Undine Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°2′S 37°58′W
Undine Harbour
bukt
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°2′S 37°58′W
Undine Harbour is located in Antarktis
Undine Harbour (Antarktis)

Undine Harbour er ei lita bukt inst i bukta mellom Cape Paryadin og Cape Chaplin på sørkysten av Sør-Georgia. Bukta (med Johan Harbour, Coal Harbour og Frida Hole) kan vere ein del av bukta som vart kalla «Adventure Bay» av James Weddell i 1823 og «Discovery Bay» av Discovery Investigations i 1929. Det tilrådde namnet Undine Harbour, etter selfangstskuta «Undine» frå Compania Argentina de Pesca, har vore i bruk om bukta sidan kring 1912. Eit smalt eid skil denne bukta frå Elsehul.

Johan Harbor (54°3′S 37°59′W) er ei lita bukt 0,5 nautiske mil (0.9 km) sørvest for Undine Harbor. Namnet «Johann Harbour» vart nytta på eit kart etter ei landmåling av området under Discovery Investigations i 1926-27. South Georgia Survey rapporterte i 1957 at «Johan» er den korrekte skrivemåten av namnet.

Laurie Point (54°3′S 37°59′W) ligg heilt aust på ei lita øy nær breidda av bukta og markerer sørsida av innløpet til hamna på sørkysten og nær vestenden av Sør-Georgia. Ho vart kartlagd av South Georgia Survey, 1956–57, og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter A.H. Laurie som deltok under Discovery Investigations i Grytviken, i 1930-31.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Undine Harbour» (innhald frå Geographic Names Information System).