Undredal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undredal
bygd
Undredal sett frå båt på Aurlandsfjorden

Foto: Christopher Macsurak

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Postnummer 5746 UNDREDAL
Innbyggjarnamn undredøl
Preposisjon i Undredal
Kart
Undredal
60°56′58″N 7°06′10″E / 60.949444444444°N 7.1027777777778°E / 60.949444444444; 7.1027777777778
Wikimedia Commons: Undredal

Undredal er ei bygd i Aurland kommune i Vestland og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Bygda Undredal ligg ved vestsida av Aurlandsfjorden, nedst i Undredalsdalen, omtrent midt mellom innlaupet til Nærøyfjorden og der Aurlandsfjorden svingar skarpt sørvestover til Flåm. Staden er kjend for Undredal stavkyrkje og geitosten som vert produsert på Undredal stølsysteri på stølen Melhus. Bygda hadde eigen barneskule fram til 2006, men no går ungane frå Undredal på barneskule i Flåm og ungdomsskule på Aurlandsvangen. Staden har daglegvarebutikk med post i butikk.

Frå Undredal
Foto: Francis
Undredal stavkyrkje
Foto: Roar Johansen
Foto: Christopher Macsurak

Undredal er òg ein grunnkrins i Aurland kommune. Ved folketeljinga i 2001 budde det 112 personar i Undredal grunnkrins.[1] Grunnkrinsen femner i tillegg til Undredal, Undredalsdalen og tilliggjande område til grensa mot Hordaland, òg nordlegaste delen av kommunen på austsida av Aurlandsfjorden.[2]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Undredal fekk vegutløysing i 1988. Fylkesveg 601 går frå Undredal oppover Undredalsdalen til Langhuso der han møter Europaveg 16 som fortset vestover gjennom Gudvangatunnelen til Gudvangen inst i Nærøyfjorden, og derfrå om Voss til Bergen. Det er knappe to mil frå Undredal til Gudvangen. Austover går E16 gjennom Flenjatunnelen til Flåm og derfrå vidare til Aurlandsvangen, Lærdal og Austlandet. Frå Undredal er det 13 kilometers køyring til Flåm og 21 kilometer til kommunesenteret Aurlandsvangen. Passasjerbåten som går mellom Flåm og Gudvangen går innom Undredal når det er passasjerar som skal av eller på der.

Undredal kyrkjesokn[endre | endre wikiteksten]

Undredal er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknekyrkje er Undredal stavkyrkje som i fylgje åringsdatering kan vere frå midten av 1100-talet.[3] Fram til 1855 høyrde òg noverande Nærøy sokn til Undredal sokn.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]