Ungarsk geografi

Koordinatar: 47°00′N 20°00′E / 47.000°N 20.000°E / 47.000; 20.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete som viser dei sju geografiske områda i Ungarn:
1., Den store ungarske sletta (Store-Alföld)
2., Dei nordungarske mellomfjella
3., Dei transdonauske mellomfjella
4., Transdonau
5., Mecsek fjella
6., Den vesle ungarske sletta
7., Alpokalja

Ungarn er eit land i Sentral-Europa. Det har eit areal på 93 030 km² og er 250 km frå nord til sør og 524 km frå aust til vest. Det har 2 258 km med landegrenser mot Austerrike i vest, Serbia, Kroatia og Slovenia i sør og sørvest, Romania i søraust, Ukraina i nordaust og Slovakia i nord.

Dei moderne grensene til Ungarn vart først oppretta etter den første verdskrigen og Trianon-traktaten i 1920, då dei mista 71 % av det som tidlegare hadde vore Kongedømet Ungarn, 58,5 % av innbyggjarane og 32 % av ungararane. Med hjelp frå Nazi-Tyskland utvida Ungarn inn i Slovakia i 1938, Karpato-Ukraina i 1939, Romania i 1940 og Jugoslavia i 1941. Ungarn mista derimot alle desse områda etter tap i den andre verdskrigen, i tillegg til eit lite område som Tsjekkoslovakia fekk.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Ungarn

Det meste av landet har ei høgd under 200 meter over havet. Sjølv om Ungarn har fleire moderat høge fjellkjeder er berre 2 % av landet over 300 meter. Det høgaste punktet i landet er Kékes på 1 014 meter over havet. Det ligg i Mátrafjella nordaust for Budapest. Det lågaste punktet er 77,6 meter over havet og ligg sør i Ungarn, nær Szeged.

Dei største elvane i Ungarn er Donau og Tisza. Donau renn òg gjennom delar av Tyskland, Austerrike, Slovakia, Serbia og Romania. 418 km av elva er framkommeleg i elva, medan Tisza er framkommeleg i 444 km. Mindre viktige elvar er Drava langs grensa til Kroatia, Rába, Szamos, Sió og Ipoly langs grensa til Slovakia. Ungarn har tre store innsjøar Balatonsjøen er den største og er 78 km lang og 3 til 14 km brei med eit areal på 592 km². Ungarar kallar ofte innsjøen «Det ungarske havet». Han er den største ferskvassjøen i Sentral-Europa og eit viktig rekreasjonsområde. Innsjøen er grunn og varm og frys ofte til om vinteren. Dei to andre innsjøane er Velencesjøen (26 km²) i Fejér og Fertősjøen (Neusiedlersjøen der om lag 82 km² ligg i Ungarn.

Ungarn er delt inn i tre store geografiske område, som igjen er delt inn i sju mindre: Den store ungarske sletta, ligg aust for Donau, Transdanubia, eit åslendt område vest for Donau, som strekkjer seg mot dei austerrikske lågberga før Alpane, og Dei nordlege åsane, som er eit fjell- og åslendt område som grensar til Den store ungarske sletta.

Landet sin beste naturressurs er dyrkbar mark, sjølv om kvaliteten på jordsmonnet varierer mykje. Om lag 70 % av det totale landarealet kan nyttast til jordbruk og av dette igjen er 72% dyrkbar mark. Ungarn manglar dei store energikjeldene og råmateria som ein treng for industriell utvikling.

Elvar og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Elvar

Kjeldene til dei store ungarske elvane ligg utanfor landegrensene. Dei to viktigaste elvane, Donau og Tisza, er framkommeleg gjennom heile Ungarn. Dei har fleire sideelvar.

Landet har mange småelvar og varmekjelder.

 
Namn Lengd i Ungarn
Donau 417 km
Tisza 596 km
Leitha 180 km
Rabca
Rába 211 km
Zala 139 km
Drava 725 km
Ipoly 143 km
Zagyva 160 km
Sajó 125 km
Hernád 118 km
Bodrog 118 km
Szamos
Körös
Maros 48 km
Innsjøar

Ungarn har fleire innsjøar, inkludert den største i Sentral-Europa, Balatonsjøen, som er ein kjend turistdestinasjon. Hévízsjøen er den største varmekjelda i verda (47 500 m²). Store innsjøar:

 
Namn Areal i Ungarn
Balatonsjøen 596 km²
Tiszasjøen (kunstig) 127 km²
Fertősjøen 75 km²
Velencesjøen 26 km²

Sletter og åser[endre | endre wikiteksten]

Detaljar: Den vesle ungarske sletta, Transdanubia, Den store ungarske sletta.
Hortobágy på Den store ungarske sletta med Rackasau

Den vesle ungarske sletta eller Vesle-Alföld er ei slette på om lag 8 000 km² nordvest i Ungarn, sørvest i Slovakia og aust i Austerrike der elva Rába renn over.

Transdanubia-regionen ligg vest i landet og grensar til elvane Donau og Drava og resten av landegrensa med Slovenia og Kroatia. Han ligg sør og vest for Donau. Her ligg Neusiedlersjøen og Balatonsjøen og området består stort sett av åsar. Transdanubia er hovudsakleg eit jordbruksområde. Funn av mineral og olje er òg gjort i fylket Zala nær grensa til Kroatia.

Den store ungarske sletta dekkjer nedslagsfeltet til elva Tisza og sideelvane hennar. Ho dekkjer meir enn halvparten av arealet til Ungarn. Det grensar til fjell på alle sider og har eit variert terreng, inkludert regionar med frodig jord, sand, audemark og myrområde. Ungarar har budd på den store sletta i minst tusen år. Her finn ein puszta, ei lang og udyrka vidde der mange ungarske segner er knytte til. I tidlegare hundreåra var ikkje den store sletta passande for jordbruk fordi det ofte var flaum her. I staden vart ho nytta som beitemark for hordar av kveg og hest. På siste halvdel av 1800-talet utførte regjeringa prosjekt for å kontrollere elvane og hindre flaum. Dermed vart store delar av sletta dyrka og buskap var ikkje lenger ein av hovudnæringane i landet.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Detaljar: Alpokalja, Dei transdonauske mellomfjella, Mecsek, Dei nordungarske mellomfjella.

Sjølv om mesteparten av Ungarn er lågare enn 300 meter over havet så har Ungarn fleire mellomhøge fjellkjeder. Dei kan delast inn i fire geografiske område, frå vest til aust: Alpokalja, Dei transdonaiske mellomfjella, Mecsek og Dei nordungarske mellomfjella. Alpokalja (som tyder foten av Alpane) ligg langs grensa til Austerrike og det høgaste punktet her er Írott-kő med ei høgd på 882 moh. Dei transdonauske mellomfjella strekkjer seg frå vestlege område av Balatonsjøen til Donausvingen nær Budapest, der dei møter Dei nordungarske mellomfjella. Den høgaste toppen her er den 757 meter høge Pilis. Mecsek er den sørlegaste fjellkjeda i Ungarn og ligg nord for Pécs. Det høgaste punktet her er Zengő med 682 meter.

Dei nordungarske mellomfjella ligg nord for Budapest og går nordaustover sør for grensa til Slovakia. Dei høgare ryggane, som stort sett er dekte av skog, har rike førekomstar av kol og jern. Mineral er ein stor ressurs i området har lenge vore ei av hovudnæringane til byane i området. Vindyrking er òg viktig der ein produserer den kjende vinen Tokaji. Den høgaste toppen i Ungarn er Kékes, som ligg i fjellkjeda Mátra.

Høgaste fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

# Namn Høgd Fjellkjede Geografisk område
1. Kékes 1 014 m Mátra Dei nordungarske mellomfjella
2. Galyatető 964 m Mátra Dei nordungarske mellomfjella
3. Istállós-kő 959 m Bükk Dei nordungarske mellomfjella
4. Bálvány 956 m Bükk Dei nordungarske mellomfjella
5. Tar-kő 950 m Bükk Dei nordungarske mellomfjella
6., Csóványos 938 m Börzsöny Dei nordungarske mellomfjella
7., Nagy-Milic 894 m Zemplén Dei nordungarske mellomfjella
8., Írott-kő 882 m Kőszegfjella Alpokalja
9., Nagyhideghegy 864 m Börzsöny Dei nordungarske mellomfjella
10., Tót-hegyes 814 m Mátra Dei nordungarske mellomfjella
Mátra

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dei store slettene i Ungarn utgjer store delar av klimaet i Ungarn, som ikkje er ulikt det ein kan finne på Prærien i USA. Alpane i vest hindrar fuktig luft frå Atlanterhavet å strøyme inn over Ungarn. Dermed har Ungarn større temperaturskilnadnar mellom sommar og vinter enn ein har lenger vest i Europa.

Sommaren har ofte mykje sol med ettermiddagsbyger og av og til torevêr. Tidleg på sommaren har ein torevêr ein av tre dagar. Donaudalen er ofte litt fuktigare, men ikkje meir enn at det ikkje vert ubehageleg. Enkelte dagar kan det bli svært varmt, særleg i sør og i aust. Slettene tørkar fort opp tidleg på hausten, før ein igjen får ein våtare periode og kjøligare vêr frå oktober til desember. Ein kan få lett snø innimellom om vintrane, men snødekket ligg sjeldan særleg lenge, og eit snøfall smeltar som regel før det neste kjem. I snitt ligg snøen på bakken 30-40 dagar i løpet av eit år, men i år med kaldare vintrar kan talet på snødagar auke, særleg når den kalde austavinden frå Ukraina slår til. Bakonyområdet og andre høgare punkt har derimot lågare temperaturar og større mengder snø når fuktig luft strøymer nordover frå Adriahavet. Frå april av byrjar dei lågareliggande områda og varmast opp igjen. Budapest har ein årleg nedbørsnormal på 614 mm.

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Den vestlagste busetnaden i Ungarn er Felsőszölnök i Vas fylke, den austlegaste er Garbolc i Szabolcs-Szatmár-Bereg, den nordlegaste er Hollóháza i Borsod-Abaúj-Zemplén og den sørlegaste er Kásád i Baranya fylke.

Det høgaste punktet er Kékes (1 014 m), medan den lågaste er ved elva Tisza nær Szeged (78 m).

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Kornåker i Ungarn

Ungarn er med sine sletter og åsar særs eigna for jordbruk.

Dyrkbar mark[endre | endre wikiteksten]

Åkerland er utan tvil den største naturresursen i Ungarn. Det dekkjer om lag 49,58 % av landet som er svært unikt på verdsbasis. Mesteparten av åkerlandet har god kvalitet.

Det viktigaste jordbruksområdet er Den vesle ungarske sletta, Transdanubia og Den store ungarske sletta. Sistnemnde dekkjer halve landet, men jordsmonnet varierer mykje og inneheld til og med ein liten graskledd halvørken, den såkalla pusztaen (steppe på norsk). Puszta vert beita av sau og kveg.

Dei viktigaste jordbruksprodukta frå Ungarn er mellom anna mais, kveite, bygg, havre, solsikke, valmue, potet, hirse, sukkerroe, lin og mange andre planter. Valmue er ein del av tradisjonelt ungarsk kjøken.

Ein grønsakshandlar i Ungarn

Landet er kjend for paprikaen. I tillegg finn ein frukt som eple, pære, fersken, drue, vassmelon og kantalupp.

Ungarn dyrkar ikkje genmodifisert mat.

Vindyrking[endre | endre wikiteksten]

Vinproduksjon har ei lang historie i Ungarn. Det er to språk i Europa der ordet for «vin» ikkje har latinsk opphav, og dei er gresk og ungarsk. Det ungarske ordet er bor.

Ein har drive vindyrking i Ungarn sidan romarane tok med seg kunnskapane til området i romartida. Då ungararane kom til området tok dei over vindyrkinga og har oppretthalde produksjonen sidan den gong.

I dag er det mange vinområde i Ungarn, som produserer både kvalitets- og billigvin. Størstedelen av vinområda i landet ligg i fjella eller i åsane, som i Dei transdonauske mellomfjella, Dei nordungarske mellomfjella og Villányfjella. Dei viktigaste vinområda er Eger, Hajós, Somló, Sopron, Villány, Szekszárd og Tokaj-Hegyalja.

Skogbruk[endre | endre wikiteksten]

19 % av landet er dekt av skog. Desse områda er hovudsakleg fjellområde, som Dei nordungarske og Dei transdonauske mellomfjella og Alpokalja. Skogane er varierte med tre som gran, bøk, eik, piletre og akasie.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Ungarsk geografi
Geografiske koordinatar: 47°00′N 20°00′E / 47.000°N 20.000°E / 47.000; 20.000
Areal:  
  totalt: 93 030 km²
  land: 92 340 km²
  vatn: 690 km²
Landegrenser, totalt: 2 009 km
grenseland: Austerrike (366 km), Kroatia (329 km), Romania (443 km), Serbia (151 km), Slovakia (515 km), Slovenia (102 km), Ukraina (103 km)
Kystlinje: 0 km (omgjeve av land)
Maritime krav: none (omgjeve av land)
Klima: temperert; kaldt, skya, fuktige vintrar, varme somrar
Terreng: hovudsakleg flatt med rullande åsar. Åsar og låge fjell nær den slovakiske grensa
Høgder:  
  lågaste punkt: Tisza 78 m
  høgaste punkt: Kékes 1 014 m
Naturressursar: bauksitt, kol, naturgass, fruktbar jord, åkermark
Arealbruk:  
  dyrkbark mark: 51%
  permanente avlingar: 3.6%
  permanent enger: 12.4%
  skogområde: 19%
  anna: 14% (1999)
Irrigert land: 2 060 km² (1993 estimat)
Miljøproblem: Ungarn si tilnærming til avfallshandtering, energieffektivitet, og luft, jord og vassforureining.
Internasjonale miljøavtalar:  
  delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Antarktis-avtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, dumping til sjøs, forbod mot atomprøvespreningar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde.
  signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff og svovel-94. Anartkisk miljøvernsprotokoll.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]