Ungdom i Oppdrag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ungdom i Oppdrag, forkorta UiO, er den norske avdelinga av den internasjonale kristne evangeliserings- og misjonsrørsla Youth With A Mission (YWAM). Ho vart grunnlagd i 1960 av Loren Cunningham og kona hans Darlene.

Ungdom i Oppdrag vart etablert i Noreg i 1972 av Eivind Frøen, og har sidan då vakse til om lag 300 tilsette samt 100 misjonærar. Rørsla har ni senter i Noreg, driv grunnskule, barnehagar og har evangeliseringsteam i fleire av landets byar og tettstader. Organisasjonen har hovudsenteret sitt på Grimerud gard i Stange kommune i Hedmark.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Ungdom i Oppdrag er ein organisasjon som ynskjer å samarbeida med alle evangeliske kyrkjer og organisasjonar, og ynskjer å bidra til større einskap blant kristne. Organisasjonen var tidlegare ein luthersk organisasjon og jobba primært innanfor Den norske kyrkja. Den lutherske tilknytninga vart borte i 1985.

Ungdom i Oppdrag består av menneske frå ulike kyrkjesamfunn og mange nasjonar. Ungdom i Oppdrag er ein idéell organisasjon, leiarar og medarbeidarar er sjølve ansvarlege for sitt økonomiske underhald. Organisasjonen mobiliserer og trener menneske til arbeid i organisasjonen og kyrkja. Ungdom i Oppdrag sender ut misjonærar over heile verda.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Disippeltreningsskule[endre | endre wikiteksten]

Disippeltreningsskulane (DTS) til Ungdom i Oppdrag er ein av Noregs største bibelskular. Ein DTS varer 6-9 månader. Visjonen til DTS er å utrusta eleven til et liv i teneste for Gud og arbeida for at alle område av samfunnet skal bli farga av Gud og hans ord. Å bli utfordra på å tenkja gjennom måla for livet, evangelisering av unådde folkegrupper, og å bry seg om fattige. Kvart år tek 300 nordmenn DTS i Noreg eller utlandet.

Familiefokus[endre | endre wikiteksten]

Familiefokus, Ungdom i Oppdrags familiearbeid, arbeider for å hjelpa, styrkja og gjenreisa familiar og ekteskap. Familiefokus ynskjer gjennom sitt arbeid å hjelpa familiar og ektepar til eit rikare dagleg kristenliv, og å formidla Guds ubetinga kjærleik og Bibelens prinsipp for ekteskap og samliv.

Youth With a Mission[endre | endre wikiteksten]

Youth With A Mission (YWAM) har om lag 16 000 personar i heiltidsengasjement fordelt over 180 ulike nasjonar og 800 lokalitetar/senter. Visjonen er å bidra til å fullføra misjonsbodet ved å presentera godt nytt om frelse gjennom Jesus Kristus over heile verda. Sjølv om grunnleggjarane til rørsla, Loren og Darlene Cunningham, er pinsevenner, er YWAM ei tverrkyrkjeleg rørsle med arbeidarar frå praktisk talt alle kyrkjesamfunn. Dei har m.a. eit eige nettverk, Karygma, som samlar katolikkar. Rørsla har eit karismatisk preg og praktiserer "Andens gåver" som tungetale og lækjing ved bøn. Sjølv om organisasjonen vert rekna for å vera teologisk konservativ, trur dei ikkje på tenestedeling mellom kjønna. Dette kjem m.a. til uttrykk gjennom boka "Why not Women" av grunnleggjar Loren Cunningham. Her argumenterer han for kvifor også kvinner skal kunna inneha alle typar kristne stillingar. Langt over halvparten av arbeidarane i organisasjonen kjem frå den tredje verda, særleg India, Kina og Afrika sør for Sahara. M.a. var Frank Naea, ein maori fra New Zealand, president for organisasjonen i perioden 2001 - 2004. Ungdom i Oppdrag (UiO) er den norske greina av YWAM.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]