Ungdomskultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein ungdomskultur er ein ungdomsbasert subkultur med sine særeigne stilar, oppførsel og interesser. I følgje forskarar på subkulturar, som Dick Hebdige, syner medlemmar i ein subkultur ofte tilhøyrsla si til kulturen ved særeigne og symbolske handgripelege val, til dømes klesstil, frisyre og fottøy. I tillegg kan uhandgripelege element, som felles interesser, dialektar og slang, musikksjangrar og samlingsplassar vere viktige faktorar. Ungdomskulturar gjev deltakarane ein identitet utanfor sosiale institusjonar som familie, arbeid, heim og skule.

Samfunnsklasse, kjønn og etnisitet kan vere viktige i høve til ungdomskulturar. Ungdomskulturar kan definerast som system, uttrykksmåtar eller livsstilar utvikla av grupper i underordna strukturelle posisjonar i forhold til dominante system - og som gjenspeglar forsøket deira på å løyse strukturelle motseiingar som oppstår frå den større samfunnskonteksten.[1] Studiet av subkulturar består ofte i å studere symbolismen knytt til klede, musikk eller andre synlege faktorar hos medlemmene i ein subkultur, samt måten desse symbola vert tolka på av medlemmer i den dominante kulturen.

Uttrykket scene eller miljø kan vise til ein eigen subkultur eller fraksjon. Scenar skil seg frå den større kulturen anten gjennom mote, særeigne musikksjangrar eller politiske perspektiv, og ei sterk stamme-liknande tilhøyrsle innad i gruppa.[2] Uttrykket kan òg nyttast om eigne inndelingar av subkulturen, ofte geografiske inndelingar, som drum and bass-miljøet i Detroit eller Goth-miljøet i London. Subkulturar som systematisk viser fiendtleg haldning mot den dominanten kulturen vert stundom kalla motkulturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brake, Michael (1985) Comparative Youth Culture: The sociology of youth culture and youth subcultures in America, Britain and Canada, Routledge, New York
  2. Straw, Will (1991). «Systems of Articulation, Logics of Change: Communities and Scenes in Popular Music», Cultural Studies, 5, 3, s. 273, 368-88
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.