Ungdomsskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ytre Arna barne- og ungdomsskule.
Foto: Svein Harkestad

Ungdomsskule er namnet på ungdomstrinnet i den obligatoriske norske grunnskulen og har sidan 1997 omfatta klassetrinna 8 til 10. Dei fleste elevane tek til på ungdomsskulen det året dei fyller 13 og avsluttar skulen det året dei blir 16.

Ungdomsskulen skil seg frå barneskulen ved at ein får standpunktkarakterer og har nokre valfag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ungdomsskulen blei innført i Noreg i løpet av 1960- og 1970-talet og galdt frå 7. til 9. klasse. Skulen var opphavleg linjedelt etter fag. I Danmark blei det starta forsøk med ungdomsskuler for elevar frå 14 til 17 år allereie i byrjinga av 1940-åra. I Sverige og Finland er ungdomstrinnet tradisjonelt blitt kalla högstadiet.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.