União dos Palmares

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
União dos Palmares
Land  Brasil
Stat Alagoas
Region Nordeste
Areal 427,825 km²
Folketal 59 280 (2022)[1]
Kart
União dos Palmares
9°09′46″S 36°01′55″W / 9.1627777777778°S 36.031944444444°W / -9.1627777777778; -36.031944444444
Wikimedia Commons: União dos Palmares

União dos Palmares er ein kommune i delstaten Alagoas i nordaustregionen av Brasil. Han har eit folketal på 59 369 (2005) og ein flatevidd på 428 km².[2] Omlandet er hovudsakleg jordbruksland der ein dyrkar sukkerrøyr og held storfe.[3]

Jernbanestasjonen i União dos Palmares.

Tidlegare, då staden hadde jamlege togavgangar,[4] blei han kalla União fordi to jernbanelinjer som band saman Alagoas og Pernambuco møtte kvarandre her. Namnet blei endra i 1944 for å visa til den historiske tydinga hans.[5] Byen har blei eit turistmål på grunn av historiske og naturlege attraksjonar som mellom anna er verna i Parque Nacional Serra da Barriga og Parque Memorial Quilombo dos Palmares.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå ei minnesmarkering for folka i Quilombo dos Palmares den 20. november 2000.

Staden har ei viktig historisk tyding for afro-brasilianarar. På ein ås i nærleiken låg ein såkalla mocambo eller i nyare tid ein quilombo. Desse var senter for afrikanske slavar som flykta frå og stod imot slaveri. Staden var kjend som Quilombo dos Palmares, og var den største og mest organiserte[7] av denne typen i Brasil. Den best kjende personen frå Quilombo dos Palmares var leiaren Zumbi dos Palmares. Quilomboen nådde eit folketal på rundt 30 000 danna av tidlegare slavar og ein del amerindiske allierte. Mellom 1672 og 1696 stod han imot stadige åtak frå kolonistyrkar før han fell for militære med artilleri.[7]

Nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

I dag ligg Parque Memorial Quilombo dos Palmares innanfor Parque Nacional Serra da Barriga[8] og er omtalt som A Terra da Liberdade ('Fridomslandet').[9] Parker er eit naturområde som vernar om den truga atlantiske halv-lauvfellande skogen i Mata Atlântica. Parken blei opna 20. november 2003 av presidenten av Brasil.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.