Unije

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unije
Den einaste landsbyen på Unije
Den einaste landsbyen på Unije
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°38′N 14°15′E
Øygruppe Cres-Lošinj

Areal 17 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Primorje-Gorski Kotar

Demografi
Folketal 85 (2001)

Unije (italiensk: Unie) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av øygruppa Cres-Lošinj, og er den tredje største av desse med eit areal på 17 km². Det finst mange viker og strender på øya, med låge åsar som er dekte av eviggrøn krattskog og oliventre.

Den einaste busetnaden på øya er Unije. Det er ein typisk fiske- og bondelandsby som inneheld 280 hus. Husa ligg i ein slak skråning opp frå sjøen på vestsida av øya. Landsbyen ligg ope til, og hamna gjev derfor ikkje god vern mot stormar frå vest og nordvest. Når det er uvêr må småbåtar dragast opp på strendene, medan dei større båtane vert flytta til viker som ligg meir i le på austsida.

Året rundt bur det om lag 85 personar på øya, men om sommaren under turistsesongen er det meir enn 400 buande her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]