Union internationale des associations d'alpinisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Union internationale des associations d'alpinisme

Skipa27. august 1932
HovudkontorBern
LeiarPeter Muir
Verkeområdejorda, verdsfemnande
Nettstadhttps://theuiaa.org/ Sjå dette på Wikidata

Union internationale des associations d'alpinisme (UIAA, engelsk International Mountaineering and Climbing Federation, dvs «det internasjonale fjellklatrarforbundet») er ein paraplyorganisasjon som samlar over 88 fjellklatrarforbund frå 76 land. Norges Klatreforbund er medlem av UIAA.

UIAA har blant anna tatt på seg oppgåva å utarbeide strenge tryggleiksnormer for fjellsportutstyr, som klatretau, klatreseler, karabinarar og anna utrusting.

UIAA-skalaen[endre | endre wikiteksten]

UIAA-skalaen for gradering av klatreruter gjer det mogeleg å samanlikne ulike fjellruter mot kvarandre med tanke på kor vanskelege dei er å forsere. UIAA-skalaen brukar romartal eller (meir vanleg i Noreg) arabiske siffer og går frå 1 til 11 med stigande vanskelegsgrad med stigande tal, og bruk av pluss og minusteikn for fingradering, slik at til dømes 5÷ er ei lett rute av grad 5 og 5+ ei vanskeleg. Skalaen er open i øvre ende.

UIAA sin toppdefinisjon[endre | endre wikiteksten]

Ein kommisjon har definert 82 firetusenmeterstoppar i Alpane som dei reknar som eigentlege toppar[1] og har laga ei liste over 46 bi-toppar over 4000 meter som ikkje blir rekna som «fullverdige».

For fjelltoppar under 4 000 meters høgd fint det inga slik liste.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]