Unionstida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Unionstida i norsk historie er tida frå 1319 til 1905. Unionstida byrja med personalunion som leia opp til Kalmarunionen mellom Noreg, Danmark og Sverige fram til 1523. Deretter var Noreg og Danmark i union som Danmark-Noreg, før Noreg kom i union med Sverige frå 1814 til 1905.

Noreg inn i union[endre | endre wikiteksten]

Den norske stordomstida var kort og hektisk, og på 1300-talet blei Noreg ramma av ei krise som fekk store økonomiske, politiske og sosiale konsekvensar.[1] Fram til 1380 var Noreg berre ute av union med Sverige eller Danmark i kortare periodar.

I 1319 kom Noreg i personalunion med Sverige under Magnus Eriksson, som er blitt rekna som den første unionskongen.[2] Det var stor misnøye med styret til Magnus, og både norske og svenske stormenn gjorde opprør. [3] Etter Magnus blei dei to sønene hans konger av kvart sitt rike: Håkon av Noreg og Erik Magnusson av Sverige. Håkon blei gift med danske Margrete Valdemarsdotter, som blei den første regenten i Kalmarunionen ettersom sonen Olav Håkonsson var mindreårig. Etter at Olav døydde blei systerdottersonen hennar Erik av Pommern krona til konge av Danmark, Noreg og Sverige.

Sverige gjorde opprør mot unionen i 1520-åra og valde Gustav Vasa til konge. For Noreg kom unionen med Danmark til å vare heilt fram til 1814. Noreg var klart den svakaste parten i unionen. Norsk adel hadde aldri vore økonomisk sterk og var blitt ytterlegare svekka under svartedauden. I tillegg var adelen her i landet inngifta i danske og svenske adelsslekter og hadde derfor oftare skandinaviske interesser å hevde framfor reint nasjonale.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holmsen 1977, s. 328
  2. Opsahl 2009
  3. Opsahl 2009
  4. Holmsen 1977, s. 346-7

Bibliografi