Unitær symmetri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Unitær symmetri er eit samleomgrep på fleire typar symmetri i kvantemekanikken, særskild i partikkelfysikken. Døme på slike symmetriar er «farge»-symmetri for kvarkar, og isospinn-symmetri for baryon og meson. Kvantemekanisk spinn er òg basert på ein type unitær symmetri.

Matematisk er unitær symmetri knytt til Lie-grupper, som har namnet sitt etter den norske matematikaren Sophus Lie. Ordet unitær skriv seg frå dei matematiske eigenskapane til symmetriane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]