Den USA-amerikanske hæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå United States Army)
Gå til: navigering, søk
United States Army, U.S. Army
Seal of the US Department of the Army.svg
Emblemet til den USA-amerikanske hæren
Type Hær
Skipa 14. juni 1775/3. juni 1784
Stab 546 047 aktivt personell
559 244 reserve- og nasjonalgardepersonell
1 105 301 til saman (2012)[1]
Motto «This We'll Defend»

Den USA-amerikanske hæren er ein profesjonell hær som har hovudansvaret for USA sine militære operasjonar på land. Hæren har nytta vernepliktpersonell ved tre større konfliktar: Andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen.

Representantar frå hæren (med flagg og fanet til venstre) under ein militærdagsseremoni ved Pentagon 18. mai 2000.

Hæren kan føra røtene sine attende til 14. juni 1775, då Den kontinentale hæren vart skipa av Dei tretten koloniane for å ta del i fridomskampen mot dei britiske koloniherrane. Etter at USA fekk sitt sjølvstende, vart Den kontinentale hæren lagt ned, og Kongressen oppretta den nye nasjonale hæren 3. juni 1784.

I 2012 hadde hæren rundt 1,1 millionar medlemmer, 546 047 personar som aktivt personnel og 559 244 i reservestyrkane eller nasjonalgardepersonnel.[1]

Hæren vert styrt av det amerikanske hærdepartementet som ligg under Det USA-amerikanske forsvarsdepartementet. Den høgaste og sivile leiaren for hæren er hærministeren (Secretary of the Army, SECARMY eller SA), som sidan 2009 har vore John M. McHugh. Den høgast rangerte offiseren i departementet er hærstabssjefen (Chief of Staff of the Army), sidan 2011 Raymond T. Odierno, medan den høgaste rangerte offiseren i heile det amerikanske forsvaret er Chairman of the Joint Chiefs of Staff, sidan 2011 Martin Dempsey.

Inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Den noverande inndelinga av hæren omfattar 10 aktiver divisjonar og fleire sjølvstendige einingar.

Engelsk namn Norsk namn Hovudkvarter
1st US Armored Division SSI.svg
1st Armored Division
1. panserdivisjon Fort Bliss i Texas
1 Cav Shoulder Insignia.svg
1st Cavalry Division
1. kavaleridivisjon Fort Hood i Texas
1st US Infantry Division.svg
1st Infantry Division
1. infanteridivisjon Fort Riley i Kansas
2 Infantry Div SSI.svg
2nd Infantry Division
2. infanteridivisjon Camp Red Cloud i Sør-Korea
3 Infantry Div SSI.svg
3rd Infantry Division
3. infanteridivisjon Fort Stewart i Georgia
4 Infantry Division SSI.svg
4th Infantry Division
4. infanteridivisjon Fort Carson i Colorado.
10th Mountain Division SSI.svg
10th Mountain Division
10. fjelldivisjon Fort Drum i New York
25th Infantry Division SSI.svg
25th Infantry Division
25. infanteridivisjon Schofield Barracks på Hawaii
82 ABD SSI.svg
82nd Airborne Division
81. luftborne divisjon Fort Bragg i Nord-Carolina
US 101st Airborne Division patch.svg
101st Airborne Division
101. luftborne divisjon Fort Campbell i Kentucky
173Airborne Brigade Shoulder Patch.png
173rd Airborne Brigade Combat Team
Vicenza i Italia
US 2nd Cavalry Regiment SSI.jpg
2d Stryker Cavalry Regiment
Vilseck i Tyskland
3dACRSSI.PNG
3d Armored Cavalry Regiment
Fort Hood i Texas
11th Armored Cavalry Regiment SSI.gif
11th Armored Cavalry Regiment
Fort Irwin i California

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den USA-amerikanske hæren

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne militærartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.