United States Board on Geographic Names

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
United States Board on Geographic Names logo.PNG

United States Board on Geographic Names (BGN) er eit føderalt organ i USA som har som føremål å opprett einskapleg bruk av geografiske namn hos den amerikanske regjeringa.[1]

Styret vart skapt i 1890 og fekk den noverande forma si i 1947. Styret har utvikla prinsipp, framgangsmåtar og prosedyrar for å styre både innanlandske og utanlandske geografiske namn. Det styrer òg namn på geografiske stader under havoverflata og i Antarktis.

Geographic Names Information System (GNIS) vart utvikla av BGN i samarbeid med U.S. Geological Survey, og inneheld topografiske kartnamn og bibliografiske referansar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «United States Board on Geographic Names» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2013.
  • U.S. Department of the Interior, U.S. Geological Survey, National Mapping Division, Digital Gazetteer: Users Manual, (Reston, Virginia: U.S. Geological Survey, 1994).
  • Report: "Countries, Dependencies, Areas Of Special Sovereignty, And Their Principal Administrative Divisions," Federal Information Processing Standards, FIPS 10-4.
  • Report: "Principles, Policies, and Procedures: Domestic Geographic Names," U.S. Board of Geographic Names, 1997.
  • U.S. Postal Service Publication 28, November 2000.
  1. U.S. Department of the Interior. "U.S. Board on Geographic Names", U.S. Board on Geographic Names homepage, 2009-02-09. Vitja 31. mars 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]