Universalbord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Universalbord eller U-bord er ein dreibar innretning med fire aksar (sjeldnare tre eller fem) som blir påmontert objektbordet på eit polarisasjonsmikroskop. Eit tynnslip av ein bergart eller eit mineral kan med det dreiast om to horisontale aksar som står vinkelrett på kvarandre. Metoden blir brukt for detaljerte optiske undersøkingar av særleg låg-symmetriske mineral (spesielt feltspatar), og for å avgjere orienteringa av minerala i tilhøve til slip-plana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]