Universitetet for miljø- og biovitskap
| Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) | |
UMB-campusen sett frå tårnet i Tårnbygget |
|
| Motto | Det levende universitet |
|---|---|
| Grunnlagt | 2005 (1859) |
| Type | Offentleg universitet |
| Rektor | Knut Hove |
| Stad | Ås |
| Studentar | 4207 |
| Tilsette | 1009 |
| Nettstad | www.umb.no |
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) i Ås i Akershus er den sentrale forskings- og lærestaden for bioproduksjon, miljø og landskap i Noreg. Universitetet har fleire forskningsinstitutt og -miljø innan landskapsstudiar, jord-, skog- og hagebruk, husdyrhald, naturforvaltning, utviklingstudiar, økonomi og teknologiske disiplinar. UMB utdannar årleg mellom 700 og 1 000 kandidatar.
Norges høiere landbruksskole vart grunnlagt i 1859, som landets andre høgre utdanningsinstitusjon etter Universitetet i Oslo. Tidleg fekk høgskolen i Ås òg eit professorat i økonomi. Økonomi-professoratet var det andre i landet, og viser kor viktig primærnæringane var for norsk økonomi. Arealforvalting er eit viktig fagområde for UMB. Alt i 1897 vart det oppretta eit studium i utskifting – i dag jordskifte. UMB har Europas eldste utdanning i landskapsarkitektur, oppretta i 1919. Då Noreg fekk ein landsdekkande planlov i 1965, vart det oppretta ei stilling i arealplanlegging. Ved Institutt for matematiske realfag og teknologi vert det utdanna kandidatar (sivilingeniør) i ulike fagfelt.
Skolen på Ås fekk høgskolestatus i 1897 og universitetsstatus 1. januar 2005. Fram til 1. januar 2005 var namnet på skolen Noregs landbrukshøgskole (NLH).
UMB har i 2012 om lag 4 000 studentar. Noregs Veterinærhøgskole, som er i ferd med å flytte frå Oslo til Ås, kjem i tillegg.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
I 1859 vart «Den høiere Landbruksskole paa Aas» oppretta etter vedtak i Stortinget. Arkitekt for dei første bygningane var P.H. Holtermann. I starten var det ein skole der bondeungdom kunne få lære korleis embetsstanden dreiv landbruk. Etter at bondereisinga og Venstre hadde sigra i politikken, vart NLH oppretta i 1897, med Bjørnson-vennen Johan L. Hirsch som direktør. «Høgskolens far», den nasjonale livssynsmann Hirsch braka straks saman med sitt lærarkollegium i ei stor skandalesak.
Frå 1914 var det to landbrukshøgskolar ved opninga av NLH i Asker, på det som i dag heiter Sem hovedgård.
Det var stadig strid om skolen. Striden stod om det same som i landbruket: Næring eller livssyn. Den andre store saka var om skolen sine overlærarar etter første verdskrig skulle heite professorar. Aldri var det slik engasjement på gamle NLH som då. Deretter levde bonde og embetsmann nokonlunde forlikte fram til 1945, då nærings- og produksjonslinja sigra.
NLH vart frå årsskiftet 2005 til Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB).
Universitetsområde og bygningar[endre]
UMB har, ved sidan av NTNU, den einaste klassiske campusen i Noreg, med monumentale steinbygningar omgitt av parkar og landlege grøntareal – etter klassisk engelsk modell.
Arkitekt for planlegginga ved starten i 1856 var P.H. Holtermann, men bygningane vart totalt bygd om etter teikningar av arkitekt Ole Sverre i perioden 1897–1902.
Urbygninga[endre]
Det er særleg Urbygninga, ferdigstilt i 1900, som er kjend for sitt vakre ytre. Inne i Urbygninga er Festsalen verdt eit besøk. Rommet er dekorert i nasjonalromantisk stil med utskårne dragemotiv og måleri av Dagfin Werenskiold. Cirkus, Tivoli, Økonomibyginga og Meierimuseet er òg bygd i same stil. Utskjeringane er truleg laga av Borgersen.
Tårnbygninga[endre]
Tårnbygninga stod ferdig i 1924, også ho teikna av arkitekt Sverre, i ein mørk og stram stil. Tårnet på toppen vart opphavleg nytta av landmålingsstudentane, seinare vart det nytta til observasjonar av ulike gassar i atmosfæren. Tårnet vart bygt ettersom landmålingsstudentane ikkje ville vere ute i all slags vêr, slik dei måtte på plattforma på taket på Urbygninga.
Av andre bygningar er bindingsverkshuset Smia og Fjøset òg sjåverdige. Fjøset er Noregs største driftsbygning. Samfunnsbygninga er frå 1935 og verna grunna funkisstilen ho er bygt etter. Rundt desse bygningane er det eit større parkanlegg med statuar og skulpturar. Professor L. Moen forma parkanlegget slik det framstår i dag.
Parken til UMB[endre]
Universitetsområdet har parkanlegg med fleire minnesmerke:
- Falsenstøtta
- Dahlstøtta
- Kollerbautaen – Direktør 1880-1895.
- Bergstrømbautaen
- Sverdrupstøtta
- Hirschstatuen
- Bjørlykkebysten
- Wriedtsteinen
- Lindequistsøyla
- Dyrehovud og friser over Urbygninga
- Minnesmerke over falne NLH-studentar og -kandidatar under 2. verdskrig
Institutte[endre]
UMB er organisert i institutt og har desse (2012):
- Institutt for matematiske realfag og teknologi
- Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap
- Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitenskap
- Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudier – Noragric
- Institutt for landskapsplanlegging (UMB)
- Institutt for naturforvaltning
- Institutt for plante- og miljøvitenskap
- Institutt for økonomi og ressursforvaltning
Studentliv[endre]
UMB har eit aktivt studentmiljø. Utanom skoletida føregår studentaktivitetane ofte kring den verna Samfunnsbygninga, der Samfunnet i Ås og Studentsamskipnaden i Ås held til. Mange lag og organisasjonar er knytt til UMB og Samfunnet.
Ei rekke studentforeningar er knytta til UMB og Samfunnet. Studentane har få etablerte forum for møte med universitetet sine tilsette på fritida. Likeleis har miljøet rundt utdanningsinstitusjonen vorte kritisert for liten omgang med det øvrige lokalsamfunnet i Ås.
Av studentorganisasjonar finn ein korps, kor, eksklusive foreiningar, linjeforeiningar, storband og interesseorganisasjonar, studentmållag og politiske parti.
Studentavisa tuntreet kjem ut om lag tolv gongar i året.
Studentsamfunnet i Ås[endre]
Studentsamfunnet i Ås vart skipa i 1864 og vert drive på dugnad av studentar ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Aud Max (Auditorium Maximum) vart opna 19. august 1970 av Leif Olav Moen som vann arkitektskonkurransen i 1966.
Kvart andre år vert Uka i Ås arrangert. Ho vert avvikla i oktober i år med partal. Då vert Samfunnsbygninga fylt med studentforeningane sine barar og aktivitetar, og det vert halde konsertar, revy og andre arrangement. Også utanom Uka vert det jamnleg arrangert konsertar og revyar på Samfunnet.
UMB-ringen[endre]
UMB-ringen, tidlegare NLH-kandidatring, er ein ring for studentar som fullfører mastergrad (tidlegare hovudfag). Ringen vert ofte kalla «ditt vitnemål i gull» og syner at kandidaten er frå Ås, noko som kan vere nettverksbyggande i kontakt med andre som òg ber ringen.
Ringen er i gult og kvitt gull og har ei plate med ei stjerne med fem forgreiningar, som symboliserer dei fem opphavlege studieretningane.
Notar[endre]
Bakgrunnsstoff[endre]
- Universitetet for miljø- og biovitenskap
- Arkitekturen på Ås
- SNL
- KOMPLEKS 1837 Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB). Bygningsmessig beskrivelse av universitetsbygningene. Del av høringsutkast til landsverneplan for Kunnskapsdepatementet. Kunnskapsdepartementets hjemmeside, 23. februar 2010
Litteratur[endre]
- Hundre år for samfunn og næring, 1997
- Senit, Senterpartiets tidsskrift for samfunn og politikk, årgangene 1984-87
- Eystein Eggen: Bygdekultur og mediepolitikk: tale på NBUs årsmøte sommeren 1978