Universitetet i Leiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Universiteit Leiden
Uni-Leiden-seal.png
Motto Libertatis Praesidium
Grunnlagt 1575
Rektor Prof. dr. mr. Carel Stolker
Stad Leiden i Zuid-Holland
Studentar 18 778 (2009/2010)
Tilsette 3 926 (31 des. 2009)
Nettstad www.leidenuniv.nl

Universitetet i Leiden er det eldste universitetet i Nederland. Det ligg i Leiden i provinsen Zuid-Holland, og har nær 19 000 studentar.

Universitetet i Leiden vart grunnlagt i 1575 av Vilhelm I av Oranien; Huset Oranien-Nassau og universitetet har framleis tette band. Tidleg vart framståande forskarar knytt til universitetet, og det fekk snart rykte på seg som eit av dei fremste lærestadane i Europa. Det var ved dette universitet som René Descartes sine teoriar fekk sitt første gjennombrot, og det vart òg eit sentrum for filologi, botanikk og medisinsk vitskap. Til skilnad frå universiteta i Frankrike og Italia, vart Leiden òg ein viktig stad for protestantismen; då Justus Lipsius konverterte til katolisismen i 1590 måtte han truleg oppgi sitt professorat ved universitetet.

Det første universitetetområdet var ved St. Barbaraklosteret, men det flytte i 1581 til det dominikanske Kvitnonnenklosteret. Bygningen vart øydelagt i 1616, men universitetet eig framleis tomta.

Mellom dei mest berømte institusjonane ved universitetet er observatoriet frå 1633, det naturhistoriske museet med sitt anatomiske teater, det historiske museet (Museum van Oudheden) i tillegg til Hortus Botanicus. Universitetsbiblioteket har meir enn 3,5 millionar bøker.

Universitetet i Leiden er medlem av Coimbragruppa, Europaeum og League of European Research Universities.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Universitetet i Leiden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]