University Corporation for Atmospheric Research
University Corporation for Atmospheric Research (UCAR) er eit konsortium av meir enn 70 universitet i USA som tilbyr doktorgradar i atmosfæriske og tilknytte vitskapar. Det har hovudbase i Mesa Laboratory i Boulder i Colorado. UCAR handsamar National Center for Atmospheric Research (NCAR) og har tenester for å styrke og støtte forsking og utdanning gjennom eit kommunikasjonsprogram.
UCAR vart skipa i 1959 av fakultet frå 14 leiande universitet for å støtte opp om atmosfæriske vitskapar. Dei var motiverte av dei nye metodane innan observasjon og datateknologi og ein sterk forskingsstab, som i lag gjorde at dei kunne utføre kompliserte, langvarige vitskapsprosjekt som ikkje universiteta ville ha klart kvar for seg.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Oversyn over NCAR & UCAR Arkivert 2009-10-15 ved Wayback Machine.
- University Corporation for Atmospheric Research
- National Center for Atmospheric Research Arkivert 2007-10-15 ved Wayback Machine.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «University University Corporation for Atmospheric Research» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2009.