University of Houston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University of Houston
Motto In Tempore
Grunnlagt 1927
Type delstateigd
Stad Houston, Texas
Studentar 34 334 / 60 000 (2006)
Tilsette 1 823 / 3 500 (2006)
Nettstad www.Houston.edu
UH Hines School of Architecture.
Bauer College of Business.
UH Clear Lake.
UH Downtown.
UH Victoria.
M.D. Anderson Memorial Library.

University of Houston er eit delstatseigd (fram til 1963 privat) forskingsuniversitet i Houston i delstaten Texas, USA, med tre tilknytte, men sjølvstendige lærestader i nærleiken av byen og to tverrfaglege læringssentra som del av University of Houston System.

Universitetet har høgare rangeringer og forskinga held høgt nivå. Blant lærekreftene er nobelprisvinnar Jody Williams.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vart oppretta i 1927 som det private Houston Junior College med kveldskurs. I 1934 gjorde delstaten skulen om til fireårig universitet – University of Houston. Det bestod då av to einetasjers bygningar på dagens campus. Ein jus-skule vart grunnlagt i 1947 – dagens University of Houston Law Center. Det vart gjeve store private pengegåver før og etter verdskrigen, og i 1949 vart eit bibliotek finansiert.

I 1950 hadde dei 300 tilsette og 14 000 studentane 12 bygningar. Den første akademiske eller pedagogiske TV-kanalen i USA – KUHT – vart grunnlagt i 1953 og er framleis eigd av universitetet, som del av Public Broadcasting Service (PBS). Den finansielle situasjonen vart stadig vanskelegare utover 1950-talet, studenttalet fall, og i 1961 vedtok Senatet i USA å knytte det private universitetet til delstaten og gjere det offentleg.

Dei underliggande, tre mindre universiteta er tilknytt moderuniversitetet institusjonelt, men er sjølvstendige og har eigen rektor og styre. I 1997 vart likevel toppleiinga ved University of Houston og University of Houston System slått saman, slik at styret fungerer for begge einingar. Sidan 2007 er Dr. Renu Khator den tredje personen som er både rektor ved Houston og øvste leiar for universitetssystemet.

Lærestader og skular[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike campusane og skulane (colleges) ved UH er:

  • University of Houston, Houston (1927) – 34 334 studentar
    • Hines College of Architecture
    • Bauer College of Business
    • UH College of Education
    • Cullen College of Engineering
    • Hilton College of Hotel and Restaurant Management
    • UH Law Center
    • College of Liberal Arts and Social Sciences
      • University of Houston School of Art
    • UH College of Natural Sciences and Mathematics*University of Houston College of Optometry
    • College of Pharmacy
    • UH Graduate College of Social Work
    • UH College of Technology
    • UH Honors College
  • University of Houston - Clear Lake, Houston (1971) – 7 853 studentar
    • UHCL School of Business
    • UHCL School of Human Sciences and Humanities
    • UHCL School of Science and Computer Engineering
    • UHCL School of Education
  • University of Houston - Downtown, Houston (1974) – 11 449 studentar
    • UHD College of Business
    • UHD College of Humanities and Social Sciences
    • UHD College of Public Service
    • UHD College of Sciences and Technology
    • UHD University College
  • University of Houston - Victoria, Victoria (1973) – 2 652 studentar
    • UHV School of Arts and Sciences
    • UHV School of Business Administration
    • UHV School of Education and Human Development
    • UHV School of Nursing

Bauer College of Business vert rangert høgt blant lågaregrads innleiande business-studiar i USA. Blant studentar ved skolen er Samuel DiPiazza, toppsjefen i PriceWaterhouseCoopers, og tidlegare Enron-topp Kenneth Lay. University of Houston Law Center vert òg rangert høgt i USA.

UH Clear Lake har berre høgaregradsstudiar. Skipingar av dagens Johnson Space Center ved Clear Lake i 1961 gav behov for høgare teknisk utdanning for å dekke basen og NASA sine behov. Ein del av dei høgare ingeniørstudiane ved University of Houston vart overført til UNCL ved stiftinga i 1971. Under lærestaden ligg Alfred R. Neumann Library. Blant tidligare studentar er Guion Bluford, den første afroamerikanske astronauten i verdsrommet.

UH Downtown er den nest største lærestaden med fullt fire-årig studieprogram. Det sprang ut av South Texas Junior College som University of Texas hadde kjøpt fire år etter at det vart etablert i 1967. Studentmassen er særs variert, den største gruppa er hispanics (1/3), mens svarte og kvite utgjer om lag ein fjerdedel kvar.

UH Victoria er òg berre eit høgaregradsuniversitet, som vart grunnlagt i 1973 som ei underavdeling av University of Houston, og vart sjølvstendig lærestad under University of Houston System ti år seinare.

Studentane[endre | endre wikiteksten]

Ved universitetet var det om lag 34 334 studentar og 1 823 vitskapleg tilsette i 2006, medan heile University of Houston System hadde om lag 60 000 studentar og ca. 3 500 vitskaplege tilsette i 2006, og same året var skulepengane frå US$ 3 656 til US$ 6 909, avhengig av lærestad, for studentar folkeregistrert i delstaten Texas. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i Houston og mastergrad ved dei andre campusane.

Studentmassen er særs variert etnisk – universitetet vert rangert som det nest mest etnisk varierte forskingsuniversitetet i USA. Knappe 39 % av studentane er kvite.[1] Studentavisa The Daily Cougar har kome ut sidan starten i 1927. Filmen Arlington Road vart delvis filma på campus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kilde: University of Houston, UH at a Glance.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]