University of Illinois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University of Illinois
Grunnlagt 1867
Type delstateigd
Stad Champaign, Ohio
Studentar 72 143
Tilsette 3 904
Nettstad www.Illinois.edu
Bevier Hall.
Computer and Systems Research Laboratory.
University of Illinois Observatory.
UI at Chicago University Hall.
UI ved Chicago Grant Hall.

University of Illinois er eit delstatseigd space-, sea- og land-grant-universitet der flaggskipcampus er University of Illinois at Urbana-Champaign i Champaign i delstaten Illinois i USA. Det er vidare campusar i Chicago og Springfield.

Det vart oppretta i 1867 som land-grant-universitetet Illinois Industrial University. Det vart tidleg eit liberal arts-universitet etter innsats frå den første rektoren, og imot den rådande haldninga som gjekk i favør av rein yrkesretta og tekniske fokus.

Lærestader og skular[endre | endre wikiteksten]

Lærestader, college og skular ved universitetssystemet omfattar:

  • University of Illinois at Urbana-Champaign, Champaign (1867) - 42 728 studentar
    • UIUC College of Agriculture, Consumer, and Environmental Sciences|College of Agriculture, Consumer, and Environmental Sciences
    • UIUC College of Applied Health Sciences
    • University of Illinois Institute of Aviation
    • UIUC College of Business
    • UIUC College of Communications
    • UIUC College of Education
    • UIUC College of Engineering
    • UIUC College of Fine and Applied Arts
    • UIUC Graduate College
    • UIUC Institute of Labor and Industrial Relations
    • UIUC College of Law
    • UIUC College of Liberal Arts and Sciencesces
    • UIUC Graduate School of Library and Information Science
    • College of Medicine at Urbana-Champaign
    • UIUC School of Social Work
    • UIUC College of Veterinary Medicine
  • University of Illinois at Chicago, Chicago (1946) - 24 654 studentar
    • College of Applied Health Sciences
    • College of Architecture and the Arts
    • College of Business Administration
    • College of Dentistry
    • College of Education
    • College of Engineering
    • College of Graduate College,
    • UIC Honors College (lågaregrads studiar)
    • College of Liberal Arts
    • UIC College of Medicine
    • College of Nursing
    • College of harmacy
    • College of ublic Health
    • Jane Addams College of Social Work
    • College of Urban Planning and Public Affairs
  • University of Illinois at Springfield (1969) - 4 761 studentar
    • College of Business and Management
    • College of Education and Human Services
    • College of Liberal Arts and Sciences
    • College of Public Affairs and Administration

Fysikaren John Bardeen er den einaste i verda som har vunne Nobelprisen i fysikk to gonger.

Campusar og studenttilhøve[endre | endre wikiteksten]

University of Illinois at Urbana-Champaign som er eit Public Ivy sea-, space- og land-grant universitet, har eit særs breitt og kvalitativt utmerka fagtilbod. Fleire studiar vert rangert særs høgt, og universitetet i Urbana-Champaign vert jamleg plassert blant dei ti beste offentlege universiteta i USA. Studiane i avionikk og luftfartsfag er knytt til Willard Airport, som skulen driv. Real- og teknologifaga og forskinga rundt desse vert rekna for å vere verdsleiande. På campus ligg National Center for Supercomputing Applications (NCSA), som skapte den første grafiske grensesnitt-nettlesaren i verda - Mosaic. Slik la forskarane grunnen for Microsoft IE og Apache webserver. Universitetet har i dag forskingspartnerskap med IBM. I 2004 åpnet Siebel Center for Computer Science .

University of Illinois at Chicago er eit forskingsuniversitet med fokus på medisin i Chicago sentrum, og har den største medisinskulen i USA. Lærestaden byggjer på Chicago College of Pharmacy (1859), College of Physicians and Surgeons (1882), og Columbian College of Dentistry (1891). Skylane vart knytte til University of Illinois at Urbana-Champaign i 1897, og vart sjølvstendig lærestad under universitetssystemer i 1913 under namnet Colleges of Medicine, Dentistry, and Pharmacy. Etter den andre verdskrigen førte behovet for studieplasser til krigsveteranar til at University of Chicago vart formelt oppretta som universitet i 1946.

University of Illinois at Springfield vart grunnlagt i 1969 som Sangamon State University, og vart ein del av UI System i 1995. Hovedfokuset er på allmennfag, ikkje minst statsvitskap og administrasjonsfag. Den no avdøydde demokratiske politikaren og presidentkandidaten Paul Simon var professor her.

Ved universitetet var det 72 143 studentar og 3 904 vitskaplege tilsette i 2006, og same året var skulepengane frå US$ 7.244 til US$ 11 130 (ved Urbana) for studentar folkeregistrert i Illinois. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå ved alle tre lærestadane.

Tidlegare studentar omfatter Hugh Hefner og Larry Ellison.

Biblioteka ved University of Illinois System har i sum meir enn ti millionar boktitlar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]