University of Maine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
University of Maine

Grunnlagt1865
Typedelstateigd
Studentar11 741 (september 2020), 9 927 (1. september 2021)
Tilsette720
Nettstadhttp://www.umaine.edu/ (engelsk)

University of Maine er eit delstatseigd universitet oppretta i Farmington, men med flaggskipcampus i Orono i delstaten Maine i USA. Det vart oppretta i 1863 som Maine College of Agriculture and the Mechanic Arts, under Morrill Act. Universitetssystemet har seks lærestader. Fagretningar innan landbruk- skogbruk og fiskeri er framleis dei viktigaste faglege fokusområda.

Lærestadane i universitetssystemet er:

  • University of Maine at Farmington (1863) – 2 424 studentar
  • University of Maine at Orono (1865) – 11 435 studentar
  • University of Maine at Fort Kent (1878) – 1 076 studentar
  • University of Maine at Presque Isle (1903) – 1 548 studentar
  • University of Maine at Machias (1909) – 1 259 studentar
  • University of Maine at Augusta (1965) – 5 257 studentar

Ved universitetet var det 22 999 studentar og 1 583 vitskaplege tilsette i 2006, og same året var skulepengane i snitt ca. US$ 5 500 for studentar folkeregistrert i Maine. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå ved campusen i Orono.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]