University of New South Wales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bibliotekbygget ved University of New South Wales

University of New South Wales (UNSW) er eit universitet i Sydney i staten New South Wales i Australia. Det er eitt av dei største universiteta i Australia med meir enn 40 000 studentar. Universitetet er òg eitt av dei mest fleirkulturelle store universitet i verda, sidan meir enn 22 % av studentane kjem frå 120 ulike land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var i 1949 at universitetet vart grunnlagd, som New South Wales University of Technology med naturvitskap og ingeniørfag som hovudområde. I 1958 utvida det fagtilbodet og fekk sitt noverande namn.

I dag har universitet ti fakultet som underviser i naturvitskap, ingeniørfag, samfunnsfag, økonomi, juss, medisin, kunst og bygde miljø.

Det er ansvarleg for Australian Defence Force Academy i Canberra og driv ein handelshøgskole, Australian Graduate School of Management, saman med University of Sydney.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Universitet er sett saman av fleire universitetsområde. Hovudområdet ligg i bydelen Kensington søraust for sentrum av Sydney, men har òg område og feltstasjonar i mange andre bydelar i Sydney.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]