University of Washington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University of Washington
Grunnlagt 1861
Type delstateigd
Stad Seattle i Washington
Studentar 39 524 (2006)
Tilsette 3 620 (2006)
Nettstad www.washington.edu
Lesesal i Suzallo Library.
Raitt Hall der Department of Scandinavian Studies holder til.
Gerberding Hall.
Red Square.

University of Washington er eit amerikansk, delstatseigd universitet som ligg Seattle i Washington i USA. Det tilhøyrer gruppa av offentlege, høgkvalitets-universitet med særs høg akademisk standard – den såkalla Public Ivy-gruppa.

Universitet blir lokalt referert til som «The U» eller «UW» (uttalt som U-Dub). Det er det største universitetet i nordvestlege USA og det eldste offentlege universitetet på den amerikanske vestkysten. Budsjettet til universitet for reknskapsåret 2005 var på 3,1 milliardar dollar.[1]

I 2007 kom institusjonen på 16. plass i verda i samsvar med Akademisk rangering av universiteta i verda.

Universitetet vart grunnlagt i 1861, og fekk nye avdelingar i Bothell og Tacoma i 1990. Under demonstrasjonane mot Vietnam-krigen på slutten av 1960-talet og byrjinga av 1970-talet, kom titusenar av demonstrantar til universitetet. Administrasjonsbygningen til universitetet og ein bygning for utdanning av militære reserveoffiserar vart bomba, medan ein annan bygning vart stukke i brann. Desse hendingane vart elddåpen og den største utfordringa for politiet ved Universitetet i Washington, som sjølv om det hadde vore i verksemd sidan byrjinga på nittenhundretalet, aldri hadde handtert slike opptøyar før.

Lærestadane og dei viktigaste skulane og fakultet er dermed:

  • U Wash Seattle (1861) – 39 524 studentar opp til doktorgrad i 2006
  • U Wash Bothell (1990) – 1 683 studentar opp til mastergrad
  • U Wash Tacoma (1990) – 2 292 studentar opp til mastergrad

Skulepengane er US$ 6 000 per år i haustsemesteret 2006, noko høgare ved Tacoma-campusen (US$ 6 327).

Universitet tilbyr bachelorgrad, mastergrad, og doktorgrad via 140 departement som i seg sjølv er organisert i ulike fakultet og skular.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Den 14. juni 2004 overtok Dr. Marker Emmert, med akademisk grad frå 1975 og tidlegare universitetsrektor ved Louisiana State University, som den 30. presidenten ved universitetet. Han sat til 2010.

Universitet blir styrt av ti forstandarar (regentar), av dei ein som er student. Den mest kjende noverande forstandar er truleg William H. Gates sr., far til Bill Gates.

Universitetet driv blant anna den populære radiostasjonen KEXP FM 90.3 i Seattle.

Norske studentar ved University of Washington[endre | endre wikiteksten]

Atle Næsheim, 1987 – 1989, Scholarship i friidrett (langdistanse) Håvard F. Johansen, 1990 Scholarship i friidrett (spyd)

Universitetet i Washingtons Politi[endre | endre wikiteksten]

Universitetet i Washingtons Politi (engelsk: University of Washington Police Department) er den primære politietaten ved universitetet. Jurisdiksjonen til etaten inkluderer universitetetsområda og universitetsbustader.

Historia til politietaten går tilbake til 1902 då den første tenestemannen vart tilsett. Etaten fekk sin elddåp under demonstrasjonane mot Vietnam-krigen på slutten av 1960-talet og byrjinga av 1970-talet, då titusenar av demonstrantar kom til staden. Administrasjonsbygningen til universitetet og ein bygning for utdanning av militære reserveoffiserar vart bomba, medan ein annan bygning vart sett i brann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. University of Washington Annual Report 2005 (Januar 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: University of Washington