Unix-skal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nokre kommandoar i bash.

Eit såkalla skal er kommando-tolkaren i Unix. Dette programmet er ein integrert del av alle Unix- eller Unix-liknande operativsystem. Det finst ulike variantar av dette programmet. Det opphavlege skalet vart utvikla av Stephen R. Bourne (sh, bsh), og er framleis det som blir levert med mange Unix-system. Andre variantar er C-shell (csh), T-shell (tcsh), «Bourne-again-shell» (bash) og Z shell (zsh). Microsoft Windows har òg ein kommando-tolk, i nyare utgåver kalla Powershell.

Viss ein Unix-maskin ikkje har installert eit grafisk skrivebordsmiljø, vil skalet normalt vera det programmet ein Unix-brukar kjem i kontakt med rett etter ei innlogging. Elles kan brukaren opna ein terminalemulator som gir tilgang til skalet. Skalet tolkar og utfører kommandoar som brukaren skriv inn i et tekstvindauge eller på ein tekstbasert terminal. Kommandoar kan også samlast i ei tekstfil og køyrast samla (satsvis/«batch»).

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste skal forstår meir eller mindre avansert syntaks for manipulering av filer og prosessar. T.d. kan ein i alle Unix-skal la ein kommando lesa inndata frå fil ved å skriva < fil, eller skriva utdata til fil med > fil. Ein kommando kan senda utdata som inndata ein annan kommando som køyrer samtidig ved å skilja første og andre kommando med røyrteiknet: kommando1 | kommando2. Kommandoar kan køyra i bakgrunnen ved å skriva & til slutt. Kommandoar avslutter alltid med ein feilkode (0 for null feil), og ein kan bruka && mellom to kommandoar for å berre køyra den andre kommandoen viss den første avslutta utan feil: kommando1 && kommando2.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.