Unja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 890 km²
Lengd 163 km
Middelvassføring 45 /s
Kjelde Nordlege Uralfjella
 - høgd 680 moh.
Munning Petsjora
Kart
Unja
61°47′54″N 57°52′29″E / 61.79833333°N 57.87472222°E / 61.79833333; 57.87472222

Unja (russisk Унья) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre, den første av dei store sideelvane hennar.

Ho er 163 km lang og har eit nedslagsfelt på 2890 km². Elva frys til i i oktober eller første halvdel av november, og vert isfri att i månadsskiftet april-mai. Middelvassføringa hennar 39 km frå munningen er 45 m³/sek.

Dei største sideelvane hennar er Lopja, Kisunja og Umpol, alle frå venstre.

Unja har utspring på vestsida av dei nordlege Uralfjella. Kjelda ligg i nærleiken av kjelda til Petsjora, der grensene til Komi, Sverdlovsk oblast og Perm kraj møter kvarandre.

Elva renn vest og sørvestover, og etter å ha mottatt Umpol svingar ho nordover. Elva er svingete med fleire stryk. Den øvre delen av elva er 10 til 50 meter brei, medan ho ved munningen er 70 til 100 meter brei.

Unja munnar ut i Petsjora ved landsbyen Ust-Unya. Nedanfor munningen til Unja er det noko skipsfart på Petsjora. Unja er rik på fisk og laksen gyt i elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]