Unni Løvlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unni Løvlid
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1976 (47 år)
Hornindal
Yrke musikar
Medlem av Ofsdal Enno

Unni Løvlid (fødd 23. mars 1976) er ein norsk folkemusikar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna frå Norges Musikkhøgskole, og er den fyrste som har utøvande hovudfag i tradisjonssong (2002). Unni Løvlid vann Gammleng-prisen for folkemusikk i 2007.

Ho er dotter til folkesongar Oline Løvlid.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Lux (2013)
  • Rite (2008)
  • Vita (2005)
  • So ro liten tull (1999)

Unni Løvlid er dessutan med på desse utgjevingane:

  • Seven Winds (2009)
  • Rusk II (2006)
  • Gjenklang (2006)
  • Draumkvedet (2006) (Arne Nordheim)
  • Bridges: Live in China (2005)
  • Rusk (2002)
  • Listen – The Art of Arne Nordheim (2002)
  • Norsk folkemusikk og folkedans (2001)
  • Hornindalstausene: Frie former (2000)
  • Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe: Ferdafolk (1997)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]