Unplugged av Eric Clapton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Unplugged
Konsertalbum av Eric Clapton
Utgjeve 25. august 1992
Innspelt 16. januar 1992 [1]
Sjanger Akustisk blues, folkrock
Lengd 61:43
Selskap Reprise
Produsent Russ Titelman
Kritikk
Eric Clapton-kronologi
Rush
(1991)
Unplugged From the Cradle
(1994)

Unplugged er eit konsertalbum av Eric Clapton frå 1992.[5] Det vart spelt inn i England for MTV Unplugged-serien og inneheld både hitsingelen «Tears in Heaven» og ein kraftig omarbeidd akustisk versjon av «Layla». Clapton fekk seks Grammyprisar for albumet, mellom anna årets plate, årets album, årets song, beste mannlege popvokal, beste mannlege rockevokal og beste rockesong.[6] «Tears in Heaven» gav han tre av desse prisane.[6] Albumet nådde toppen av Billboard 200, og har seld til diamantalbum der for over 10 millionar selde eksemplar i USA aleine.[7] I 2000 kåra Q Unplugged på 71. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.

Clapton framførte songane føre eit lite publikum den 16. januar 1992 i Bray Film Studios i Windsor i England. I tillegg til songane som kom med på albumet, spelte han tidlege versjonar av «My Father's Eyes» og «Circus Left Town» i lag med «Worried Life Blues».[8] Clapton spelte ein Martin 000-42 akustisk gitar det meste av konserten og i 2004 vart denne gitaren seld for $791 500 (ca. 4,4 millionar kroner) på ein auksjon.[5][9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Signe»   Eric Clapton 3:13
2. «Before You Accuse Me»   Ellas McDaniel 3:36
3. «Hey Hey»   Big Bill Broonzy 3:24
4. «Tears in Heaven»   Clapton, Will Jennings 4:34
5. «Lonely Stranger»   Clapton 5:28
6. «Nobody Knows You When You're Down and Out»   Jimmy Cox 3:49
7. «Layla»   Clapton, Jim Gordon 4:46
8. «Running on Faith»   Jerry Lynn Williams 6:35
9. «Walkin' Blues»   Robert Johnson 3:37
10. «Alberta»   trad. 3:42
11. «San Francisco Bay Blues»   Jesse Fuller 3:23
12. «Malted Milk»   Robert Johnson 3:36
13. «Old Love»   Clapton, Robert Cray 7:53
14. «Rollin' and Tumblin'»   Muddy Waters 4:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clapton, Eric: Unplugged
  2. lenkje
  3. lenkje
  4. Robert Christgau: Eric Clapton Album Guide
  5. 5,0 5,1 Clapton's gitar smashes record BBC News Henta 15. mars 2011
  6. 6,0 6,1 Billboard 6 Mar 1993 Billboard Henta 15. mars 2011
  7. Diamond Awards RIAA Henta 15. mars 2011
  8. Clapton, Eric: Clapton, s. 254. Broadway Books, 2007.
  9. Fretbase: Eric Clapton Unplugged - His Guitars and Gear