Unst

Koordinatar: 60°45′N 0°53′W / 60.75°N 0.88°W / 60.75; -0.88
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unst
Geografi
Unst is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°45′N 0°53′W / 60.75°N 0.88°W / 60.75; -0.88
Øygruppe Shetlandsøyane

Areal 120,68 km²

Høgaste punkt Saxa Vord (284 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Største busetnad Baltasound

Demografi
Folketal 720 (2001)
Folketettleik 6,0 /km²

Unst er ei av North Isles i Shetlandsøyane i Skottland. Ho er den nordlegaste av dei busette øyane i Dei britiske øyane og den tredje største av Shetlandsøyane etter Shetland Mainland og Yell. Ho har eit areal på 120 km².[1]

Unst består stort sett av grassletter og kystklipper. Den største landsbyen er Baltasound, som tidlegare var den nest største sildehamna etter Lerwick. I dag ligg det eit bryggeri, eit fritidssenter og ein flyplass ved landsbyen. Andre busetnader på øya er Uyeasound, med Greenwell's Booth (eit hansatisk varehus) og Muness Castle (frå 1598), og Haroldswick, som har eit båtmuseum og eit kulturarvsenter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Muness Castle

Ein kjenner ikkje til opphavet til namnet Unst, men det verkar å ha eit før-norrønt opphav.[1]

Det vert stadig drive arkeologiske utgravingar på øya i dag og ein har mellom anna grave ut tre langhus frå vikingtida. Ein kjenner til 30 langhus på øya.

Den 7. januar 2007 vart Unst råka av eit jordskjelv som målte 4,9 på richterskalaen.[2]

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Øya har mange av titlane som går for å vere dei nordlegaste i Storbritannia. Den vesle busetnaden Skaw nordaust på øya er til dømes den nordlegaste busetnaden i Storbritannia. Muckle Flugga fyr, like nord for Unst, er det nordlegaste fyret, og like nord for der igjen ligg Out Stack, det nordlegaste landfaste punktet i heile Storbritannia.

Vestlandet i Noreg ligg kring 300 km mot aust.

Øyane Unst og Fetlar består hovudsakleg av ultramafisk og mafisk lavabergartar som forma til ein ofiolitt,[3] ein del av oseanskorpa frå Iapetushavet, som vart øydelagd under den kaledonske orogenesen.

Det var ein gong fleire kromittbrot på Unst. Til ein av desse gjekk den no nedlagde Hagdale Chromate Railway frå 1907 til 1937.[4]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Busskur på Unst

Det går ferjer frå Belmont på øya til GutcherYell og Oddsta på Fetlar.

Øya er kjend for busskuret på øya, kalla Bobby's Bus Shelter, det vert møblert og pynta på kvart einaste år med sofa, fjernsyn, datamaskin og andre hushaldningsting.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.
  2. BBC: Earthquake shakes sea island[daud lenkje]
  3. [https://web.archive.org/web/20110927104421/http://www.scottishgeology.com/outandabout/classic_sites/locations/unst.html Arkivert 2011-09-27 ved Wayback Machine. Unst på nettsida til Scottish Geology
  4. Simms, Wilfred F. (1997). The Railways Of Shetland. Wilfred F. Simms. ISBN 0-9528881-3-0.
  5. «Unst Bus Shelter». Arkivert frå originalen 5. april 2012. Henta 24. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]