Unstrut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unstrut
elv
Bru over Unstrut
Land  Tyskland
Lengd 192 km
Kjelde Thüringen
Munning Saale
Kart
Unstrut
51°18′58″N 10°16′35″E / 51.3161°N 10.2764°E / 51.3161; 10.2764
Wikimedia Commons: Unstrut

Unstrut er ei elv i Thüringen og Sachsen-Anhalt i Tyskland og ei av sideelvane til Saale frå venstre med ei lengd på 192 km. Ho har sitt utspring nord i Thüringen nær Dingelstädt (vest for Kefferhausen i Eichsfeld-området). I dei nedre områda renn ho inn i Sachsen-Anhalt og munnar ut i Saale nær Naumburg. Byar langs Unstrut er mellom anna Mühlhausen, Sömmerda, Bad Frankenhausen, Artern, Roßleben og Freyburg. Av sideelvar finn ein Gera, Wipper, Helme og Lossa.

I lag med Saale dannar Unstrut vindistriktet Saale-Unstrut. Den kjende musserande vinen Rotkäppchen vert produsert i kjellarane i Freyburg.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Strödu på gamal høgtysk tyder «myraktig krattskog», og forstavinga un- gjer denne meininga sterkare, noko som tyder at Unstrut er eit svært myraktig område. I 575 vart elva kalla Onestrudis, på 600-talet Unestrude og i 994 Vnstruod.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]