Upper Hutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orongomai (Māori)
Utsyn mot Upper Hutt frå Mount Climie.
Utsyn mot Upper Hutt frå Mount Climie.
Styresmakter
Land
New Zealand New Zealand
Mayor Wayne Guppy
Geografi
Flatevidd
 - City

540 km²
Innbyggjarar[1]
 - City (2008)
 - Byområde

40 200
38 100
Koordinatar 41°08′″S 175°03′″EKoordinatar: 41°08′″S 175°03′″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 50xx, 53xx
Heimeside: http://www.upperhuttcity.com/
Plassering
Upper Hutt City Council
Upper Hutt City Council

Upper Hutt (Māori: Orongomai) er ein satellittby ved Wellington City. Etter folketalet er han den minste byen (City) på New Zealand, men den nest største i flatevidd. Han er ein del av regionen Wellington og administrasjonssenter for Upper Hutt City Council.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg 30 km nordaust for Wellington, og er sentrert omkring den øvre (nordlege) dalen ved Hutt River, som renn frå nordaust mot sørvest på vegen mot Wellington. Hutt Valley utvidar seg i eit kort område til ei 2500 m vid elveslette mellom Rimutaka og Akatarawa Ranges før han snevrar seg inn ni km nedstraums ved Taita Gorge, som skil Upper Hutt frå nabobyen, Lower Hutt. Det meste av dei urbane områda i byen ligg på denne sletta. Ei mindre slette ligg lenger oppe ved elva, ovanfor Kaitoke Gorge, men det er liten busetnad her.

Upper Hutt City Council administrerer byen og dei omliggjande landområda, parkar, friområde og reservat. Desse områda dekkjer 540 km², det nest største området til eit by-distrikt på New Zealand, etter Dunedin. På New Zealand vert lokalstyrte område med stor flatevidd for det meste kalla distrikt, men Upper Hutt har halde på sin status som City stort sett på grunn av den store graden av urbanisering her.

Upper Hutt strekkjer seg til toppen av høgdedraget Rimutaka saddle mot nordaust, og inn mot dalen Akatarawa Valley og det ulendte åslandskapet i Akatarawa ranges i nord og nordvest, og når nesten fram til Kapiti Coast nær Paekakariki.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Det største urbane området i distriktet har eit innbyggjartal på 38  100,[1] medrekna folk som bur i dei mindre tettbygde områda ovanfor den øvste elvesletta i Hutt Valley.

Forstadar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste forstadane til Upper Hutt, frå nordaust til sørvest er:

Te Marua, Akatarawa, Rimutaka, Parkdale, Emerald Hill, Birchville, Timberlea, Brown Owl, Kaitoke, Māoribank, Ebdentown, Upper Hutt Central, Clouston Park, Mangaroa, Maymorn, Whitemans Valley, Tōtara Park, Kingsley Heights, Elderslea, Wallaceville, Trentham, Heretaunga, Silverstream og Pinehaven.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Upper Hutt-området var frå først av kjent som Orongomai, og namnet til elva var Heretaunga (i dag namnet til ein forstad til Upper Hutt). Dei første som slo seg ned her var māoriar i iwien Ngai Tara. Ulike andre iwi heldt til i distriktet i åra før 1840, og då dei første nybyggjarane kom hit, var det ein del av Te Atiawa rohe. Orongomai Marae ligg sør for dagens bysentrum.

Richard Barton, som slo seg ned i Trentham i 1841 i området som no er kjent som Barton's Bush, var den første europeiske nybyggjaren. Barton delte etter kvart opp landområdet sitt, og sette av eit stort område til friareal. James Brown slo seg ned i området som seinare vart til byen Upper Hutt i 1848.

Jarnvegslinja frå Wellington nådde fram til Upper Hutt 1. februar 1876. I løpet av dei to neste åra vart linja forlenga fram til Kaitoke lengst oppe i dalen, og vart opna dit 1. januar 1878. Linja vart ført vidare over Rimutaka Ranges til Featherston i Wairarapa, og denne strekninga opna 12. oktober 1878.

Upper Hutt var opphavleg ein del av Hutt County, som vart oppretta i 1877. Upper Hutt fekk status som Borough i 1926 og som City i 1966. Dei nordlege delane av Rimutaka Riding i Hutt County vart lagde til byen 1. april 1973. Denne utvidinga gjorde Upper Hutt til det nest største bydistriktet (City) på New Zealand. Eit anna område, administrert av Heretaunga-Pinehaven District Community Council vart lagt til då Hutt County Council vart oppløyst 1. november 1988. Året etter, 1. november 1989 vart Heretaunga-Pinehaven District Community Council oppløyst, og byen fekk sine noverande grenser.

Mot slutten av 1980-talet hadde auking i trafikkmengdene ført til vesentlege seinkingar for vegtrafikken kring Upper Hutt. Dei sentrale styresmaktene var avventande til å finansiera utbygging av vegnettet i området, så Upper Hutt City Council stod for bygginga av ein omkøyringsveg som fekk namnet River Road. Kapasiteten til denne vegen vart også sprengd etter kort tid, og etter fleire alvorlege ulukker vart vegen utvida for å imøtekoma den aukande trafikkmengda. Som namnet seier, går River Road langsetter elva frå Taita Gorge i sør til Māoribank i nord.

Upper Hutt ligg på ei gamal elveslette, og var derfor utsett for flaumar. På 1970- og -80-talet vart det bygd flaumvern på austbreidda av elva frå dei nordlege delane til Upper Hutt til munningen av Hutt River i Lower Hutt for å unngå seinare flaumar.

Venskapsby[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]