Uppsala domkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uppsala domkyrkje
Uppsala domkyrkje 1619-1702, den sørlege fasaden.
Uppsala domkyrkje 1747-1886, den sørlege fasaden.
Uppsala domkyrkje 1892, den sørlege fasaden

Uppsala domkyrkje (svensk: Uppsala domkyrka) er ein svensk katedral i fransk gotisk stil. Han er stiftskatedral for erkestiftet, forsamlingskyrkje for domkyrkjeforsamlinga i Uppsala og riksheilagdom for den svenske kyrkja. Kyrkja er den største i nord-Europa (118,7 meter høgt tårn og om lag like lang på lengda), og den store kyrkjeklokka (Storan) er denstørste i Sveriges.

Kvart år kjem ein halv million menneske til Uppsala domkyrkje, mellom anna for å feire gudsteneste og høyre på konsertar. Mellom kyrkjeskattane finn ein mellom anna det forgylte skrinet med replikkane til Erik den heilage, som er plassert ved høgaltaret. Også Gustav Vasa og Carl von Linné er gravdlagde i Uppsala domkyrkje. I det nordlege tårnet ligg det i dag eit museum med kyrkjelege tekstilar. Ved den sørlege portalen kan ein finne ein oppsetting av steinfigurar frå 1300-talet.

Historia til kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Etter ein brann i den tidlegare domkyrkja (i Gamla Uppsala) gav paven tillating til å flytte bispesetet frå Gamla Uppsala til Nya Uppsala. Ein byrja å leggje planara for kyrkjebygget allereie i 1258.

I delar av perioden då kyrkja vart bygt herja pesten i Sverige og det politiske løyvet var ustabilt som følgje av ymse konfliktar, tronstridar m.m. Dessutan vart bygget ramma av ras. Fyrst i år 1435 vart den nye domkyrkja innvigd av erkebiskopen Olaus Laurentii. Domkyrkja har gjennomgått fleire store gjennomgripande oppussingar, mellom anna etter bybrannen i 1702 då m.a. begge tårnspira rasa. Arkitekten Carl Hårleman leidde restaureringa etter brannen och lét då tårna få barokkstil. Dette vart på 1800-talet, under leiing av Helgo Zettervall, erstatta av dei tårna i fransk gotisk stil som i dag prydar kyrkja. I åra 1886-93 vart domkyrkja restaurert att; denne gongen var Emil Viktor Langlet ansvarleg arkitekt.

Domkyrkja har gjennom heile si historie vore eit levande gudstenesterom. I mellomalderen vart ho brukt til dei daglege gudstenestene til erkebiskopen og domkapittelet og alle kora hadde kvart sitt altar. Sidan reformasjonen har domkyrkja vore sentrum for gudstenstelivet til domkyrkjeforsamlinga. I midten er høgmessa kvar søndag klokka 11. Dessutan er det messer og bønegudstenester alle kvardagar. Sturekoret fungerer som ein avskild stad for mindre gudstenester og kyrkjelega handlingar (dåp og vigsel). Domkyrkja har også eit rikt musikkliv med musikkgudstenester og konsertar.

Kjende personar som er gravlagde i Uppsala domkyrkje[endre | endre wikiteksten]

Andre stader/bygningar i Uppsala[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uppsala domkyrkje