Urdaibai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urdaibaiestuaret

Urdaibai er eit estuar og eit biosfærereservat i Bizkaia i regionen Baskarland i Spania. Estuaret vert òg kalla Mundaka- eller Gernikaestuaret

Urdaibai ligg ved kysten av Biscayabukta nord i Spania. Urdaibai dekkjer eit område på 220 km² og området har om lag 45 000 innbyggjarar, dei fleste av dei i byane Bermeo og Gernika. Området har mange små elvar som munnar ut i dei salte myrområda som er omgjeve av høge klipper. Det omliggande landområdet består av beitemark, treklynger med eik, lauvskog og plantasjar med barskog. Kystlandskapet er dekt med steineik og jordbærtre.

Det er dokumentert 615 artar karplanter og 318 virveldyr, 245 av desse fuglar, i Urdaibai.

I området finst spor frå førhistorisk tid romartida og mellomalderen. Mellom anna ligg Santimamiñegrotta her, med funn frå moustérienkulturen til jernalderen.

Økonomien i området er basert på metallurgi, fiske, jordbruk og skogbruk. Det finst òg ein viktig turistsektor, hovudsakleg sentrert rundt dei lokale strendene. Mundaka trekker òg til seg mange surfarar frå heile verda.

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]