Uriel Acosta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uriel Acosta

Uriel Acosta (1585-1640) var ein portugisisk filosof av jødisk opphav.

Acosta vart fødd i Oporto i Portugal i 1585 som Gabriel da Costa. Familien hans var jødisk, men hadde konvertert til katolisismen. Uriel Acosta overtydde familien til å gå attende til jødedommen, og dei måtte flytte til Amsterdam. På grunn av sin heretiske filosofi vart han (som òg Baruch Spinoza) bannlyst av den jødiske meinigheita. Etter ein svært audmjukande seremoni da han søkte forsoning med meinigheita att, tok han livet av seg i 1640.