Urige Buta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urige Buta


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1978 (45 år)
Ambo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Urige Arado Buta (fødd 28. november 1982) er ein norsk-etiopisk langdistanseløpar.

Urige Buta vart fødd i Etiopia, men kom til Noreg for å søkja asyl i 2003 og budde fyrst på asylmottak på Husnes i Kvinnherad kommune. I tida på mottaket brukte han mykje tid på å springa, og talentet hans vart lagt merke til. Etter tida på asylmottaket busette Buta seg i Haugesund. Her begynte han å tevla for Haugesund Idrettslag.[1]

I april 2010 i Hamburg sette Urige Buta ny personleg rekord i maraton på 2,09,27. Den gongen var han framleis etiopisk statsborgar; hadde han vore norsk statsborgar ville dette ha vorte ny norsk rekord. Urige Buta vart norsk statsborgar i juni 2011.[2]

Urige Buta deltok for fyrste gong i OL under sommar-OL 2012 i London, der han representerte Noreg. Buta deltok under maratonløpet den 12. august, den siste dagen i OL. Han heldt godt fylgje i byrjinga, men mot slutten sleit han mykje med leggen og enda til slutt på ein 36. plass på tida 2,17,58.[3] Vinnaren vart Stephen Kiprotich frå Uganda med tida 2,08,01.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]