Urindoeuropeisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Urindoeuropeisk, eller protoindoeuropeisk, er eit hypotetisk urspråk som er felles opphav for dei indoeuropeiske språka. Det finst to hovudteoriar om kor tid det vart talt: Ifølge Kurganhypotesen oppstod det på 3000-talet f.Kr. i Sentral-Asia, men ifølge Anatoliahypotesen så tidleg som på 6000-talet f.Kr. i Anatolia.

Klassiske teoriar[endre | endre wikiteksten]

Eksistensen til språket er generelt akseptert av dei fleste lingvistar, men det er stor debatt omkring mange av detaljane. Det er ikkje bevart nokon nedteikningar av språk, men ved hjelp av samanliknande analyse av lydutviklinga i forskjellige indoeuropeiske språk har ein rekonstruert mange røter. Desse er hypotetiske, og vert derfor alltid skrive med ein asterisk (*) føre.

Oppdaging og rekonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Tidfesting[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire konkurrerande hypotesar om når og kor urindoeuropeisk vart snakka. Det einaste vi veit med tryggleik er at språket må ha forgreina seg til innbyrdes ulike dotterspråk ved midten av 2000-talet f.Kr. Dei vanlegaste estimatet for tidsrommet mellom urindoeuropeisk og dei første daterte tekstane (omkr. 1800-talet f.Kr, sjå Kültepe-tekstane) varierer frå omkring 1 500 til 2 500 år, med ytterleggåande forslag som divergerer opptil 100% på kvar side.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Indoeuropeistikk.

Den klassiske fasen i indo-europeisk samanliknande lingvistikk førde frå Franz Bopps Vergleichende Grammatik (1833) over August Schleichers Compendium til Karl Brugmanns Grundriss, utgjeve i 1880-åra. Brugmanns junggrammatiske reevaluering av feltet og Ferdinand de Saussures utvikling av laryngalteorien kan bli sett på som byrjinga til den moderne indoeuropeistikken.

Urindoeuropeisk slik det vart skildra tidleg på 1900-talet blir stort sett framleis akseptert; seinare arbeid har for det meste vore raffinering og systematisering, og inkludering av ny informasjon, særleg av dei anatoliske og tokariske greinene, som var ukjende på 1800-talet.

Laryngalteorien, som vart diskutert frå 1880-talet, vart allment rettkjend etter Jerzy Kuryłowicz' oppdaging av etterleivningar av desse hypotetiske fonema i anatolisk, i 1927. Julius Pokornys Indogermanisches Etymologisches Wörterbuch gav eit overblikk over den leksikalske kunnskapen som hadde vorte samla inntil byrjinga av 1900-talet, men unngjekk den samtidige utviklinga innanfor morfologi og fonologi, og oversåg stort sett anatolisk og tokarisk.

Generasjonen av indoeuropeistar som arbeidde i den siste tredelen av 1900-talet (som Calvert Watkins, Jochem Schindler og Helmut Rix) utvikla ei betre forståing av morfologien, og, etter Kuryłowicz' Apophonie (1956), av forståinga av avlyd. Frå 1960-talet av vart kunnskapen om anatolisk sikker nok til å kunne fastslå slektskapane til desse språka med urindoeuropeisk.

Metode[endre | endre wikiteksten]

Det finst ingen direkte spor etter urindoeuropeisk, fordi det aldri vart skrive ned. Alle urindoeuropeiske lydar og ord er rekonstruert frå seinare indoeuropeiske språk ved samanlikningsmetoden og metoden kalla indre rekonstruksjon. Ein asterisk brukast for å markere rekonstruerte urindoeuropeiske ord, slik som *wódr̥ 'vatn', *ḱwṓn 'hund' eller *tréyes 'tre' (hankjønn). Mange av orda i dei moderne indoeuropeiske språka synest å ha utvikla seg frå slike «urord» gjennom regelmessige lydforskyvninger (t.d. Grimms lov).

Sidan det urindoeuropeiske språket vart splitta, utvikla òg lydsystemet seg i ulike retningar. Utviklinga følgde ulike lydlover i dei ulike dotterspråka. Blant dei viktigaste er Grimms lov og Verners lov i urgermansk, tap av *p- føre vokal i urkeltisk, reduksjon av h til *s- føre vokal i urgresk, Brugmanns lov og Bartholomaes lov i urindoiransk, og Grassmanns lov både i urgresk og urindoiransk uavhengig av kvarandre.

Tilknyting til andre språkfamiliar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at urindoeuropeisk brukte desse fonema:

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Urindoeuropeiske konsonantar (tradisjonell transkripsjon)
Konsonanter Labialar Koronalar Palatovelarar Velarar Labiovelarar Laryngalar
Ustemte lukkelydar p t k  
Stemte lukkelydar b d ǵ g  
Aspirerte lukkelydar ǵʰ gʷʰ  
Nasalar m n
Frikativar s h₁, h₂, h₃aktivt språk
Likvidar, glidelydar w r, l j

Tabellen gjev den vanlegaste notasjonen i moderne utgjevingar. Varierande transkripsjonar blir gjeve under. Heva ʰ står for aspirasjon. Ifølgje glottalteorien var dei stemte lukkelydane i systemet over glottale, kanskje ejektiv, medan dei stemte, aspirerte lukkelydane moglegvis ikkje var stemt.

  • Urkeltisk, Urbaltoslavisk, albansk og uriransk slo den aspirerte serien bʰ, dʰ, ǵʰ, gʰ, gʷʰ saman med den reint stemte serien b, d, ǵ, g, gʷ. Urkeltisk slo likevel ikkje gʷʰ og gʷ saman til gʷ som dei andre. I staden vart den første gw, medan den andre vart b.
  • Urgermansk gjekk gjennom Grimms lov, og forandra dei ustemte lukkelydane til frikativar, medan dei uaspirerte, stemte lukkelydane vart ustemte, og dei stemte aspirerte mista aspirasjonen.
  • Grassmanns lov Tʰ-Tʰ > T-Tʰ, t.d. dʰi-dʰeh₁- > di-dʰeh₁-) og Bartholomaes lov (TʰT > TTʰ, t.d. bodʰ-to- > bod-dʰo-) skildrar oppførselen til dei aspirerte lukkelydane under spesielle tilhøve i nokre av dei tidlege dotterspråka.

Labialar[endre | endre wikiteksten]

Labialane p, b, bʰ blir skrivne som gruppe med symbolet P. Fonemet b var særs sjeldan fonem; dette er eitt av argumenta til fordel for glottalteorien, sidan det synest som om språk som har ejektive lukkelydar oftast ikkje har ein ejektiv labial lukkelyd p'.

Koronalar/dentalar[endre | endre wikiteksten]

Den vanlege rekonstruksjonen identifiserer tre koronale/dentale lukkelydar: t, d, dʰ. Dei blir skrivne som gruppe med symbolet T.

Einskilde konkluderer med at konsonantsamansetjingar av forma TK ville undergå metatese i urspråket, med Kþ som resultat; samanlikne hetittisk dagan 'jord' med gresk khthōn 'jord', frå ǵʰðōm, frå tidlegare *dʰǵʰoms; hettittisk hartagas 'uhyre', gresk arktos 'bjørn' frå hrkþosar, frå tidlegare h₂r̥tg̑osar. Begge fekk metatese, og former utan metatese overlever i ulike avlydsgrader av rota dʰégʷʰ 'brenne' (i slekt med dagaz 'dag' i sanskrit, dáhati 'blir brunne' < dʰégʷʰ-e- og kṣā́yat 'brenn' < dʰgʷʰ-éh1-).

Dorsalar[endre | endre wikiteksten]

Frikativar[endre | endre wikiteksten]

Nasalar og likvidar[endre | endre wikiteksten]

Halvvokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Røter[endre | endre wikiteksten]

Det indoeuropeiske urspråket var eit bøyingsspråk, der dei grammatiske tilhøva mellom ord vart uttrykt ved bøyingsmorfem (vanlegvis endingar). Røtene i urindoeuropeisk er grunnleggjande morfem som ber leksikalsk tyding. Ved å leggje til suffiks blir det danna stammar, og ved å leggje til endingar blir det danna grammatisk bøygde ord (substantiv eller verb). Urindoeuropeiske røter blir forstått å bestå av for det meste éi staving med den grunnleggjande strukturen CvC(C). Denne grunnleggjande rotstrukturen blir ofte endra ved avlyd. Røter som synest å byrje med ein vokal reknar mange forskarar med opphavleg byrja med ei gruppe konsonantar som gjekk tapt i alle dotterspråk utanom i den anatoliske greina. Denne konsonantgruppa blir kalla laryngalar (samla ofte symbolisert med ein H, kvar for seg med h1, h2, h3). Ei verbform lik den som kjem til syne i latin agunt gresk ἄγουσι (ágousi), sanskrit Mal:IAST vil dermed rekonstruerast som Mal:PIE, der elementet Mal:PIE utgjer sjølve rota.

Avlyd[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei distinkte trekka ved urindoeuropeisk var avlydsfølgja som gav ei veksling mellom vokalfonema o/e/Ø [ingen vokal] innanfor same rot. Avlyd er ei form for vokalvariasjon som veksla mellom desse tre formene, kanskje avhengig av dei tilstøytande lydane og stillinga til trykket i ordet. Desse vekslingane kan framleis sporast i moderne indoeuropeiske ord, der dei no gjenspeglar grammatiske kategoriar. Desse avlydsnivåa blir vanlegvis kalla: e-grada og o-grada, av og til kalla full grad i fellesskap; null-grada (ingen vokal, Ø); og forlenga grad (ē eller ō). Moderne norsk synge, song, sunge er eit døme på ei slik avlydsgruppe, og gjenspeglar den pre-urgermanske følgja sengw-, songw-, -sngw-. Nokre forskarar trur at bøyingssuffiksa i urindoeuropeisk gjenspeglar avlydsvariantar, som regel nullgrada, av eldre røter. Ofte dukkar nullgraden opp der trykka til ordet har veksla frå rota til eit av affiksa. Slik gjenspeglar vekslinga ein finn i latin est, sunt urindoeuropeisk h1és-di, h1s-ónti.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiva i det indoeuropeiske urspråket vart bøygd i åtte kasus (nominativ, akkusativ, genitiv, dativ, instrumentalis, ablativ, lokativ og vokativ). Det var tre kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Det er to hovudbøyingstypar, tematisk og atematisk. Tematiske substantivstammar blir danna ved hjelp av eit suffiks -o- (i vokativ -e) og stammen har ikkje avlyd. Dei atematiske stammane er meir arkaiske, og dei blir vidare klassifisert ved avlydsforhold (akrodynamiske, proterodynamiske, hysterodynamiske og holodynamiske, etter kor det tidlege urindoeuropeiske trykket (dynamis) var.

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Det er vanskeleg å rekonstruere dei urindoeuropeiske pronomena, fordi dei er så ulike i dotterspråka. Dette gjeld særleg dei påpekande pronomena. Det indoeuropeiske urspråket hadde personlege pronomen i person, men ikkje tredje person, der påpekande vart brukt i staden. Dei personlege pronomena hadde særeigne former og endingar, og nokre hadde to ulike stammar. Dette er mest innlysande i første person eintal, der dei to stammane er verna i norsk eg og meg. Ifølgje Beekes (1995) var det òg to variantar for akkusativ, genitiv og dativ, ei trykksterk og ei enklitisk form.

Personlege pronomen (Beekes 1995)
Første person Andre person
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
Nominativ h₁eǵ(oH/Hom) wei tuH yuH
Akkusativ h₁mé, h₁me nsmé, nōs twé usmé, wōs
Genitiv h₁méne, h₁moi ns(er)o-, nos tewe, toi yus(er)o-, wos
Dativ h₁méǵʰio, h₁moi nsmei, ns tébʰio, toi usmei
Instrumentalis h₁moí ? toí ?
Ablativ h₁med nsmed tued usmed
Lokativ h₁moí nsmi toí usmi

Når det gjeld dei påpekande pronomena, rekonstruerer Beekes (1995) eit system med berre to pronomen: so/seh₂/tod 'denne, dette' og h₁e/ (h₁)ih₂/(h₁)id 'han (der)' (anaforisk). Han føreset òg tre adverbialpartiklar ḱi 'her', h₂ein 'der' og h₂eu 'vekk, igjen', som gav opphav til påpekande pronomen i nokre av dotterspråka.

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verbet i det indoeuropeiske urspråket er komplekst, og i likskap med substantivet utviser det avlydssystem. Verba har minst fire modus (indikativ, imperativ, konjunktiv og optativ, samt moglegvis injunktiv, som kan rekonstruerast frå vedisk sanskrit), to diateser (aktiv og mediopassiv), tre personer (første, andre og tredje) og tre tal (eintal, total og fleirtal). Verba blir bøygd i minst tre «tider» (presens, aorist og perfektum), som i røyndomen betegner ei handling aspekt. Indikativformer av imperfektum og (mindre sannsynleg) pluskvamperfektum kan ha eksistert. Verba var òg kjenneteikna av eit høgt uvikla system av partisipp, éit for kvar kombinasjon av tid og modus, og ei rekkje ulike verbalsubstantiv og adjektivdanningar.

Buck 1933 Beekes 1995
Atematisk Tematisk Atematisk Tematisk
Eintal 1
2
3
Fleirtal 1
2
3

Talord[endre | endre wikiteksten]

Talorda i det indoeuropeiske urspråket blir rekonstruert slik:

Sihler 1995, 402–24 Beekes 1995, 212–16
éin *Hoi-no-/*Hoi-wo-/*Hoi-k(ʷ)o-;*sem- *Hoi(H)nos
to *d(u)wo- *duoh₁
tre *trei- (full grad)/*tri- (nullgrad) *treies
fire *kʷetwor- (o-grad)/*kʷetur-}} (nullgrad),
sjå òg kʷetwóres-regelen
*kʷetuōr
fem *penkʷe *penkʷe
seks *s(w)eḱs}}; opphavleg kanskje *weḱs *(s)uéks
sju *septm̥ *séptm
åtte *oḱtō,*oḱtou eller *h₃eḱtō, *h₃eḱtou *h₃eḱteh₃
ni *(h₁)newn̥ *(h₁)néun
ti *deiḱm̥(t) *déḱmt
tjue *wīḱm̥t-; opphavleg kanskje *widḱomt- *duidḱmti
tretti *trīḱomt-; opphavleg kanskje *tridḱomt- *trih₂dḱomth₂
førti *kʷetwr̥̄ḱomt-; opphavleg kanskje *kʷetwr̥dḱomt- *kʷeturdḱomth₂
femti *penkʷēḱomt-; opphavleg kanskje *penkʷeidḱomt- *penkʷeidḱomth₂
seksti *s(w)eḱsḱomt-; opphavleg kanskje *weḱsdḱomt- *ueksdḱomth₂
sytti *septm̥̄ḱomt-}}; opphavleg kanskje *septm̥dḱomt- *septmdḱomth₂
åtti *oḱtō(u)ḱomt-; opphavleg kanskje *h₃eḱto(u)dḱomt- *h₃eḱth₃dḱomth₂
nitti *(h₁)newn̥̄ḱomt-}}; opphavleg kanskje *h₁newn̥dḱomt- *h₁neundḱomth₂
hundre *ḱm̥tom; opphavleg kanskje *dḱm̥tom *dḱmtóm
tusen *ǵheslo-,*tusdḱomti *ǵʰes-l-

Lehmann (1993, 252-255) meiner at tala som er større enn ti var konstruert kvar for seg i dialektgruppene og at *ḱm̥tóm opphavleg tydde 'eit stort tal', snarare enn 'hundre'.

Eksempeltekstar[endre | endre wikiteksten]

Sidan det indoeuropeiske urspråket opphavleg vart talt i eit førhistorisk samfunn, finst det ingen ekte eksempeltekstar, men frå og med 1800-talet har moderne forskarar gjort fleire forsøk på å setje saman eksempeltekstar for å kunna illustrere resultata sine. Desse tekstane er i beste fall begrunna gjettverk; i 1969 sa Calvert Watkins at den samanliknande språkvitskapen til trass for 150 års forsking endå ikkje kunne rekonstruere ein einaste velforma setning på urspråket. Uansett kan slike tekstar gje eit levande bilete av korleis ein samanhengande ytring på urspråket kan ha lydt.

Nokre offentleggjorte eksempeltekstar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russell D. Gray og Quentin D. Atkinson, «Language-tree divergence timest support the Anatolian theory of Indo-European origin», Nature 426 (27. november 2003) 435-439

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Robert S. P. Beekes (1995) Comparative Indo-European Linguistics: An Introduction – John Benjamins, Amsterdam. ISBN 90-272-2150-2 (Europa), ISBN 1-55619-504-4 (USA).
  • Carl Darling Buck (1933) Comparative Grammar of Greek og Latin – University of Chicago Press, Chicago. ISBN 0-226-07931-7.
  • J.P. Mallory, (1989). In Search of the Indo-Europeans London: Thames and Hudson. ISBN 0-500-27616-1
  • Manfred Mayrhofer (1986) Indogermanische Grammatik, i/2: Lautlehre – Winter, Heidelberg.
  • Michael Meier-Brügger (2003) Indo-European Linguistics – de Gruyter, New York. 3-11-017433-2.
  • Andrew L. Sihler (1995) New Comparative Grammar of Greek og Latin – Oxford University Press, Oxford. ISBN 0-19-508345-8.
  • Oswald Szemerényi (1996) Introduction to Indo-European Linguistics – Oxford.
  • Vyacheslav V. Ivanov og Thomas Gamkrelidze, The Early History of Indo-­European Languages, Scientific American, vol. 262, N3, 110­116, mars 1990
  • William Dwigh Whitney (1889) Sanskrit Grammar – Harvard University Press. ISBN 81-208-0621-2 (India), ISBN 0-486-43136-3 (Dover, USA).
  • Remys, Edmund, General distinguishing features of various Indo-European languages and their relationship to Lithuanian, Indogermanische Forschungen, Walter de Gruyter, Berlin, New York, Band 112, 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]