Urpín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den skogkledde Urpín stig opp frå Hron. Høgrebreidda av elva er alt ein del av sentrum i Banská Bystrica.

Urpín er eit fjell i byen Banská Bystrica i Slovakia. Det ligg på venstrebreidda til elva Hron, oppfor gamlebyen. Trass i at det berre er 510 meter høgt, ligg det nært sentrum i byen og dominerer bybiletet.[1] Frå fjellet har ein panoramautsikt over elvesletta til Hron frå dei austlegaste utkantane av Banská Bystrica til byen Zvolen, og dei omliggande fjellkjedene Låge Tatra og Store Fatra. Det går fleire stiar til toppen av fjellet frå sentrum av Banská Bystrica.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Urpín er hovudsakleg dekt av bøkeskog. Andre tre her er furu, lind og lønn. Toppen av fjellet har typisk skogslettevegetasjon. Trass i nærleiken til ein større by, finst det 35 utryddingstrua dyreartar på Urpín og mange sjeldne planter.[1] Her finst òg 280 forskjellige edderkoppartar.[1] Det vart grunnlagd eit naturreservat i 1997 som dekkjer eit område på 5,02 ha.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei to toppane på Urpín bak klokketårnet i Banská Bystrica
Sentrum i Banská Bystrica sett frå Urpín

Det osmanske riket rykte nordover på 1500-talet var dei rike gruvebyane i Slovakia, som Banská Bystrica, trua, og det vart bygd eit vakttårn på ein av toppane på Urpín i 1587.[2] Vakttårnet var knytt til byen via ein hemmeleg undergrunnsgang, som gjekk under elva Hron.[2] Etter at tårnet vart øydelagd under den andre verdskrigen vart det bygd om til eit astronomiobservatorium etter krigen.

Sjølv om Banská Bystrica på 1600-talet stort sett vart styrt av det katolske Habsburgmonarkiet, var byen sjølv heilt protestantisk.[3] Under den statsstøtta motreformasjonen, bygde Jesuittordenen ei kyrkje på tiooen av fjellet i 1713 og små heilagdomar vart reist langs stien som førte opp til kyrkja året etter. Kyrkja var ein pilegrimsstad, og har nyleg vorte restaurert.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Kubišová, Dana (Oktober 2003). «Urpín = odveký strážca mesta». Bystrický Permon 1 (3): 12. 
  2. 2,0 2,1 Chromek, Igor (Oktober 2003). «Vartovka - história a súčasnosť». Bystrický Permon 1 (3): 1–11. 
  3. Baláž, Ján (Oktober 2003). «Kalvária - Kaplnka Božieho hrobu na Urpíne». Bystrický Permon 1 (3): 1–10. 
  4. «Banská Bystrica projects restore Calvary, cycle routes, infrastructure». The Slovak Spectator. 16. juli 2007.