Urserental

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 46°38′N 8°32′E

Urserental, mot Realp
Tog på Furkalinja

Urserental eller berre Urseren er dalen i den øvre delen av elva Reuss i Uri i Sveits. Dalen går frå sørvest til nordaust, frå Realp til Hospental og Andermatt.

Han er skild frå hovuddalen i Uri, og er knytt til Valais via Furkapasset, til Graubünden via Oberalppasset og til Ticino via Gotthardpasset.

Dalen høyrte til Disentis kloster frå 800. I 1798 vart Urseren ein del av kantonen Waldstätten i Den helvetiske republikken, og i 1803 vart han ein del av kantonen Uri. I 1946 var det trefningar mellom lokale innbyggjarar og den sveitsiske hæren over eit omstridd damprosjekt der planen var å legge heile dalen under vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]