Urtica ferox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Urtica ferox
Māori:Ongaonga


Ongaonga
Ongaonga

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Urticaceae
Slekt: Urtica
Art: U. lucens
Vitskapleg namn
Urtica ferox

Urtica ferox, kjend som Ongaonga, er ei nesle som veks endemiskNew Zealand. Planten, som stundom vert kalla «trenesle», har ein treaktig stamme og uvanleg lange og stikkande nåler, og kan veksa fem meter i høgda. Sjølv den aller lettaste kontakten med planten kan føra til eit smertefullt stikk som kan vera plagsamt i fleire dagar.

I māori folklore heiter det at Kupe skal ha lagt ut talrike hinder for å seinka forfølgjarar som han hadde stole konene frå; og eit av desse var ongaonga.

Ongaonga er den viktigaste næringsplanten til larven til sommarfuglen New Zealand red admiral eller Kahukura, Bassaris gonerilla.

Der er ein rapport om eit dødsfall av menneske etter kontakt med planten—ein lettkledd jeger som (i 1961) døydde fem timar etter å ha gått gjennom eit tett kratt.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Urtica ferox» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2008.
  • Henry E. Connor (1952) Poisonous Plants in New Zealand (DSIR Research Bulletin 99), 2. utgåve 1977. utg. – Government Printer, Wellington.
  • Andrew Crowe (1999) Which Native Forest Plant? – Penguin, New Zealand. ISBN 0-14-028631-4.
  • Gerald Hutching (1998) The Natural World of New Zealand – Viking (Penguin), New Zealand. ISBN 0-670-87782-4.