Us and Them

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Us and Them
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
A-side «Time (forkorta)»
Utgjeve 1973
Innspelt Abbey Road Studios
Juni 1972 – januar 1973
Sjanger Progressiv rock
Lengd 7:51
3:15 (singel)
Selskap Harvest, EMI (UK)
Harvest, Capitol (US)
Låtskrivar(ar) Richard Wright, Roger Waters
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi
«Money»
(1973)
Us and Them «Have a Cigar»
(1975)

«Us and Them» (Vi og dei) er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skriven av Richard Wright og Roger Waters, og er sungen av David Gilmour (med harmonivokal av Wright).

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Black and blue
And who knows which is which and who is who.
Up and down.
But in the end it's only round and round.

Roger Waters (1973)

«Us and Them» er ein forholdsvis roleg song. Han har to saksofonsoloar i seg, ein i byrjinga og ein i den andre halvdelen av songen. I midten av songen er det eit mellomparti der Pink Floyd sin scenearbeidar «Roger the Hat» snakkar.

Songen skildrar at folk har ein tendens til å halde seg unna dei som er annleis i tilfelle som krig, politikk og sosiale klassar. I tillegg skildrar han kampen mellom ynskja til borgarane og regjeringa deira, kampen mellom «oss og dei». Mange tilhengjarar av Pink Floyd meiner at songen er påverka at Waters sin far døydde i Andre verdskrig. Songen har ein sakte jazzstil, som ein ofte hadde på 1940-talet, og songen er eit slags tidssprang tilbake til kulturen i Storbritannia på 1940-talet, og starten på pasifismen.

Songen vart opphavleg laga av Wright i 1970 som eit pianostykke for filmen Zabriske Point, men då med namnet «The Violent Sequence»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Stemmer[endre | endre wikiteksten]

  • «I mean, they're not gunna kill ya, so if you give 'em a quick short, sharp, shock, they don't do it again. Dig it? I mean he get off lightly, 'cos I would've given him a thrashing - I only hit him once! It was only a difference of right and wrong, innit. I mean good manners don't cost nothing do they, eh?» - Roger the Hat

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]