Usa i Komi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Usa
Utspring Nord i Uralfjella
Munning Petsjora
Land i nedslagsfelt Republikken Komi i Russland
Lengd 565 km
Middelvassføring 1310 m³/s
Nedslagsfelt 93 600 km²

Usa (russisk Уса) er ei elv i Republikken Komi i Russland. Ho er den største sideelva til Petsjora, som ho renn ut i frå høgre. Elva er 565 km lang og har eit nedslagsfelt på 93 600 km².

Usa har ei middelvassføring på 1310 m³/s, men dette varierer frå maksimalt 21 500 m³/s i juni til eit minimum på 43,9 m³/s i april. Ho frys til i oktober eller november og er isdekt til vårsmeltinga byrjar i mai eller juni. Den største sideelvane hennar er Jelets, Lemva, Bolsjoj Kotsjmes og Kosiu frå venstre og Vorkuta, Sejda og Kolva frå høgre.

Elva har kjelda si nord i Uralfjella og renn sørvestover, om lag parallelt til fjellkjeda. Elva oppstår der elvane Bolsjaja Usa (Store Usa) og Malaja Usa (Vesle Usa) om lag 30 km aust for Vorkuta. Dei to sideelvane er bratte med mange stryk og fossar. Etter dei to har renne saman vert elva rolegare med berre nokre få stryk i dei øvre delane. Her er breiddene høge og bratte, men leger nede vert dei lågare, skogkledde og myrlendte, bortsett frå områda rundt busetnaden Adak (russisk Адак), der elva går gjennom Tsjernysjovåsane.

Nedanfor busetnaden Sivomaskinskij (russisk Сивомаскинский) vert elva langt breiare og i dei nedre delane er ho frå 700 meter til 2 km brei. Ho startar å danne meander og sandøyar og har denne utsjånaden til munningen. Om lag 30 km frå munningen ligg byen Usinsk og elvehamna Parma. Usa renn ut i Petsjora ved busetnaden Ust-Usa.

Elva er framkommeleg 325 km oppover og langs elva ligg hamnestadane Abez, Petrun, Makarikha, Parma og Ust-Usa. I nedslagsfeltet til Usa ligg kolfeltet Petsjora og i dei nedre områda, ved byen Usinsik, er det store petroleums- og gassfelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]