Usarp Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°10′S 160°00′E
Usarp Mountains
fjellkjede
none  Topografisk kart med skala 1:250 000 av Pomerantz Tableland og nordlege delar av Usarp Mountains
Topografisk kart med skala 1:250 000 av Pomerantz Tableland og nordlege delar av Usarp Mountains
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 71°10′S 160°00′E
Administrert under Antarktistraktaten
Topografisk kart med skala 1:250 000 av Daniels Range i Usarp Mountains.
Topografisk kart med skala 1:250 000 av Daniels Range i Usarp Mountains.
Usarp Mountains is located in Antarktis
Usarp Mountains (Antarktis)

Usarp Mountains er ei stor fjellkjede i Antarktis, som ligg vest for Rennickbreen og som går 190 km frå nord til sør. Fjellkjeda grensa i nord til Pryorbreen og Wilson Hills. Dei viktigaste delane av fjellkjeda er Welcome Mountain, Mount Van der Hoeven, Mount Weihaupt, Mount Stuart, Mount Lorius, Smith Bench, Mount Roberts, Pomerantz Tableland, Daniels Range, Emlen Peaks, Helliwell Hills og Morozumi Range.[1]

Delar av desse fjella vart oppdaga og først fotografert frå fly av U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946–47. Dei vart sett på ny og vitja av U.S. Victoria Land Traverse 1959-1960 (VLT), og den første klatringa av Mount Welcome vart gjort av John Weihaupt (U.S.), Alfred Stuart (U.S.), Claude Lorius (Frankrike) og Arnold Heine (New Zealand) frå denne reisegruppa. Fjella vart kartlagd av USGS frå VLT-rapportar, flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960–63, og ytterlegare landmålingar. Namnet er eit akronym av US Antarctic Research Program (USARP), og vart nytta av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) til ære for alt forskingsprogrammet hadde gjort i Antarktis.[1]

Av fjell i fjellkjeda finn ein Emlen Peaks, Helliwell Hills, Mount Shields (1170 moh), Ship Nunatak, Mount Simmonds (1885 moh) og Mount Theaker (1685 moh). Andre geologiske kjennemerke i fjellkjeda er Armstrong Platform, Helfferichbreen, Pomerantz Tableland og Robilliardbreen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]