Brukar:Kaitil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høgt heva over språkstriden; kommuniserer utan vanskar med artsfrendar over heile verda.

I ei ideell verd burde alle variantar av norsk språk kunne leve godt i lag under det same Wikipedia-taket. No har det seg slik at sidan menneska i wikiverda vi lever i ikkje er perfekte, får vi vende dette til ein fordel ved å arbeide fram to gode, men ulike oppslagsverk. Så ser eg ein dårleg bokmålsartikkel om eit interessant tema, gjer eg eit forsøk på å skrive ein betre artikkel på nynorsk – og kanskje gjer eg det motsett veg om eg slumpar borti ein dårleg nynorskartikkel som er rippa rett frå engelsk.

Det er viktig at nnwp er annleis og helst betre enn nbwp; blir det allment kjend at det er meir å hente her vil vidsynte bokmålsbrukarar følgje iw-lenkene og bli meir opplyst enn dei bigotte som berre held seg på majoritetssidene. Resultatet kan bli at fleire får respekt for nynorsken – gjennom friviljug bruk. Det bør elles nemnast at eg har mange andre urealistiske draumar òg, så kanskje det beste vi kan håpe på er at det veks fram ein sunn konkurranse mellom dei to leirane i staden for den litt slappe praksisen med å kopiere stoff frå kvarandre (jada, eg har òg gjort det – men berre med artiklar eg har skrive sjølv).

Til dagleg er eg bokmålsbrukar, mest for å få arbeidet effektivt unna på eit skriftspråk som ligg tett opp til mitt eige talemål. Men medan bokmålet mest er å likne med ei jente som med sitt jamne humør og føyelege vesen gjer meir enn opp for ein litt kvardagsleg utsjånad, er nynorsk den blendande vakre systera; ho med ein så sjølvbevisst og vrang veremåte at berre eit fåtal beilarar maktar å få vilja si. Eg vinn kanskje ikkje heilt fram nokon gong, men det er utruleg moro å gjere ein framstøyt med denne lunefulle og praktfulle drosa.

Det siste avsnittet har kona ratifisert som ikkje meir politisk ukorrekt enn at det får passere. Kva svaret mitt på oppfølgingsspørsmålet hennar var, vil kvar mann som veit å redde ekteskapet kjenne til, men av erfaring kan eg nemne at det ikkje er heilt heldig å eksemplifisere med samnorsk.