Brukar:Lurveleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skildring av biblioteket i Alexandria

Mitt namn er Bjarne Bjørnevik. Eg er opphavleg frå Sunnmøre, men er i dag busett i Oslo. Eg er utdanna bibliotekar med ein bachelorgrad i Bibliotek- og informasjonsvitskap frå Høgskolen i Oslo og Akershus. Frå september 2023 er eg fultidstilsett som informasjonsmedarbeidar hjå Wikimedia Noreg. Eg har arbeidserfaring frå fag- og folkebibliotek, og har også vore journalist og frilansskribent.

Denne brukarkontoen er min private brukarkonto. Når eg gjer endringar med denne kontoen er det ikkje på vegner av Wikimedia Noreg. I samband med jobb nyttar eg berre kontoen Brukar:Bjarne Bjørnevik (WMNO).

Interessene mine femner om litteratur, kultur og historie. Her på Nynorsk Wikipedia vil eg frå tid til annan skriva og utvida artiklar eg tykkjer vi treng. Eg les mykje poesi, og vil difor arbeida for å utvida tilfanget vårt på det området. For mange år sidan var eg aktiv med ein annan brukarkonto, men no nyttar eg berre denne (som friviljug wikipedianar).

Nokre av artiklane eg har arbeidd mykje med[endre | endre wikiteksten]