Brukar:Trondtr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg heiter Trond Trosterud og er eigentleg frå Trondheim, men no bur eg i Tromsø, og no og då i Helsingfors.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eg er dr.art frå Universitetet i Tromsø på avhandlinga Homonymy in the Uralic Argument Agreement Paradigms, og cand.philol. frå Universitetet i Trondheim (lingvistikk hovudfag) med oppgåva Binding relation in Finnmark Finnish. Andre fag i fagkrinsen er nordisk, finsk, historie og matematikk. Eg har studert fennougristikk ved Universitetet i Helsingfors, der eg også arbeidde eit år som norsklektor. Som lingvist har eg publisert arbeid om uralske og nordiske språk, jf. heimesida mi for ei liste.

Eg har også arbeidd med standardisering av teiknsett og i det heile med lokalisering, særleg for samisk, og eg var også med på arbeidet med å få det finskugriske fonetiske alfabetet inn i Unicode (arbeid med å få Norvegia inn i Unicode har eg til no ikkje hatt hell med). Eg har også representert norske standardiseringsorgan i arbeidet med Unicode. Dei siste parogtjue åra har eg arbeidd med språkteknologi, særleg med samisk språkteknologi, og eg er professor i samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø. Heimesida til UiT sitt senter for samisk språkteknologi: giellatekno.uit.no.

Tema på Wikipedia[endre | endre wikiteksten]

På wikipedia skriv eg om språk, særleg om uralske språk. I og med at det er mange i Noreg som ikkje kan finsk, hender det at eg sett om artiklar frå finsk wikipedia eller i det heile skriv om emne frå Finland. Eg har også skrive litt om leksikografi og om språkteknologi.

Eg skriv mest på denne wikipediavesjonen, men det hendar eg er innom andre språkversjonar også. Eit oversyn finn du her:

Wikipedia Akademi i Bergen 2009[endre | endre wikiteksten]

Eg deltok på WA i Bergen i 2009, med innlegget Forstår vi Wikipedia no?, som er tilgjengeleg som video på blip.tv, og eg har også lagt ut dei (lett redigerte) lysarka mine på slideshare.

Prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Eg har vore med og fylt ut desse prosjektsidene, kanskje framforalt for å få ein kollektiv struktur på arbeidet, og i håp om at så mange andre som mogleg kan bli interessert.