Usjba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Usjba
Usjba frå utkanten av Mestia
Usjba frå utkanten av Mestia
Høgd over havet 4 710 moh
Ligg i/på Svaneti i Georgia
Fjellkjede Store Kaukasus
Koordinatar 43°07′34″N 42°39′11″EKoordinatar: 43°07′34″N 42°39′11″E
Førsteklatring 1903 - ein ekspedisjon leia av B. Rickmer-Rickmers[1]
Lettaste rute Nordaustryggen

Usjba (georgisk უშბა, usj «fælsleg», ba «berg») er eit av dei mest karakteristiske fjella i Kaukasus. Det ligg i regionen Svaneti i Georgia, like sør for grensa til Kabardino-Balkaria i Russland. Sjølv om det ikkje er av dei ti høgaste toppane, vert Usjba rekna som «Kaukasus sitt svar på Matterhorn», på grunn av den karakteristiske dobbelttoppen. Fjellet er bratt og vêret ofte ustabilt, og av den grunn vert Usjba rekna som eit av dei vanskelegaste fjella å klatre i Kaukasus. Fleire fjellklatrarar har mista livet her.

Usjba sin nordtopp er med ei høgd på 4 690 meter over havet noko lågare enn den sørtoppen. Nordtoppen vart først klatra i 1888 av John Garford Cokklin og Ulrich Almer, medan ein tysk-sveitsisk-austerrriksk ekspedisjon leia av B. Rickmer-Rickmers klatra sørtoppen i 1903.[1]

Den nordlege toppen av Usjba er lettare tilgjengeleg enn den sørlege. Standardruta over nordaustryggen går opp frå den russiske sida.

Usjba sett frå Elbrus om vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]