Uskifte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uskifte er eit juridisk omgrep, for ei ordning der den som lever lengst av to ektefellar har rett til å overta alt det den først avdøde eigde, og disponere over dette, utan å måtte gjere opp arven med arvingane til den som døydde først. Arvingane etter førstavdøde vil såleis ikkje kunne krevje å få nokon arv før den attlevande ektefellen også er død, sjå arvelova § 9.

Uskifteordninga er regulert i Arvelova kapittel III.[1] Her er ein del avgrensingar i høvet til å få overta eit dødsbu til uskifte, og her er også avgrensingar i kva den som har overtatt eit bu til uskifte kan gjere med aktiva i buet.

Når den som døydde først hadde barn med ein annan enn den lengstlevande ektefellen (særkullsbarn), har dette barnet (eller barnet sine livsarvingar) høve til å nekte uskifte, jfr. arvelova § 10. Hadde førstavdøde særeige, kan dette særeiget berre gå inn i uskiftebuet viss dette er fastsett i ektepakt, eller når arvingane gir samtykke, arvelova § 9.

Arvelova § 19 seier følgjande om gåver frå uskiftebu: «Attlevande ektemake som sit i uskift bu, må ikkje utan samtykke frå arvingane gi bort fast eigedom, eller gi andre gåver som står i mishøve til formuen i buet.» Regelen gjeld også for sal som inneheld ei gåve. Ein arving kan krevje gåva omstøytt ved dom ved å reise søksmål innan eit år etter at arvingen fekk kunnskap om gåva.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]