Ussurijsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ussurijsk
Уссурийск
Byvåpenet til Ussurijsk
Byvåpenet til Ussurijsk


Plassering
Ussurijsk is located in Russland
Ussurijsk is located in Primorskij kraj
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
1866
1898
Borgarmeister Sergei Rudiza
Geografi
Flatevidd
 - By

173 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

153 900
  889,6 /km²
Koordinatar 43°48′″N 131°57′″EKoordinatar: 43°48′″N 131°57′″E
Høgd over havet 20 moh
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 692500–692527
Retningsnummer (tlf) (+7)4234
Nettstad: adm-ussuriisk.ru/

Ussurijsk (russisk Уссури́йск) er ein by i Primorskij kraj i Russland. Han ligg midt i ein frodig dal ved samløpet av tre elvar, rundt 80 km nord for Vladivostok (avstand langs bilveg er 111 km). Byen har om lag 150 000 innbyggjarar.

Namneendringar[endre | endre wikiteksten]

Byen har endra namn mange gonger. Ved grunnlegginga i 1866 vart busetnaden kalla Nikolskoje, kalla opp etter tsar Nikolai I og det vart endra til Nikolsk då han fekk bystatus i 1898. For å unngå forveksling med andre byar med same namn vart namnet i 1926 endra til Nikolsk-Ussurijskij, (dvs. Ussuriske Nikolsk). I 1935 vart namnet endra til Vorosjilov, kalla opp etter Kliment Vorosjilov. Då Nikita Khrusjtsjov kom til makta etter Stalin døydde vart Vorosjilov tvunge til å gå av og bynamnet vart i 1957 endra til Ussurijsk, etter den nærliggande elva Ussuri, som har utspring i Sikhote-Alin-fjella aust for byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagt i 1866 som landsbyen Nikolskoje. På grunn av den fordelaktige geografiske plasseringa der transportvegane frå sørlege område av Primorje møtte kvarandre, fekk landsbyen ein rask vekst frå 1870-talet av og vart til eit handelssenter. Landsbyen si rolle auka etter at Ussurijsk-jernbanen vart bygt. I 1898 fekk Nikolskoje innvilga bystatus. Ved byrjinga på 1900-talet nådde folketalet 15 000 og den årlege handelsomsetnaden i byen svara til 3 millionar rublar. Etter den russisk-japanske krigen i 1904-1905 vart Nikolsk eit av dei viktigate kommersielle og økonomiske sentra i Russisk fjerne austen. I 1913 var byen nummer fire i folketal, etter Vladivostok, Blagovesjtsjensk og Khabarovsk. Bedrifter for handsaming av jordbruksprodukt vart etablert, slik som kornmøller, meieri, såpekokeri og garveri, så vel som makaroni- og pølsefabrikkar og bryggeri. Mursteinsfabrikkar, steinbrot og sagbruk dukka òg opp i byen.

Sentrum i byen vart utbygd med 2- og 3-etasjes mursteinsbygningar. I 1914 var det 14 utdanningsinstitusjonar, eit teater, eit sirkus og tre kinoar i Nikolsk. Etter revolusjonen i 1917 vart økonomien i byen systematisk spesialisert innan handsaming av jordbruksprodukt og han fekk igjen ein periode med rask vekst. Fram til 1980-talet var byen den nest største (etter Vladivostok) i Primorskij kraj, men dei siste tiåra har Ussurijsk og Nakhodka vore omtrent jamstore.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Industrien i byen omfattar 28 verksemder, av dette tolv innan næringsmiddelindustri, to innan lettindustri, seks innan metallurgisk industri og fire innan bygningsindustrien. Ussurijsk har alltid vore spesialisert mot forbruksvarer. På grunn av dette er byen for tida i ein mykje meir fordelaktig posisjon samanlikna med andre større byar i Primorje, der forsvarsindustrien var dominerande. Dei største verksemdene er Primorskij Sakhar (som forsyner det austlege Russland med sukker, med ein produksjon på 160 000 tonn pr år), Dalsoja (som produserer vegetabilsk olje, margarin og såpe), Ussurijskij Balsam (24 sortar likør og vodka og balsam framstilt av ei blanding av dusinvis av urter).

Grossisthandel er òg økonomisk viktig i Ussurijsk. Det finst rundt 30 slike selskap i byen, der mange hadde utvikla handelskontaktar i utlandet òg før slik økonomisk verksemd vart liberalisert i Russland på 1990-talet.

Av andre verksemder i byen finn ein selskapet Grado, som årleg produserer rundt 600 000 par fottøy og ein fabrikk for reparasjon av lokomotiv. Ussurijsk sin årlege industriproduksjon utgjer 8 % av den totale produksjonen i Primorskij kraj.

Utamon husdyrhald, som er godt utvikla i distriktet rundt byen, så består jordbruksproduksjonen i området av soyabønner, bokkveite, kveite, bygg, poteter og grønsaker. Framstilling av pelsverk er òg viktig og Oktjabrskij JSC leverer mink-skinn til den russiske marknaden og til utlandet.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Ussurijsk er eit kryssningspunkt for alle større vegar i Primorje. Byen ligg ved hovudvegen M60 mellom Khabarovsk og Vladivostok, som er ein del av den transsibirske stamvegen.

Byen er òg eit viktig knutepunkt på Den transsibirske jernbanen mellom Moskva og Vladivostok. Her møter han mellom anna jernbanene frå Harbin i Kina og Pyongyang i Nord-Korea. Det finst persontogsamband til den kinesiske grensebyen Suifenhe og samband derfrå vidare til Harbin og Pyongyang.

Næraste lufthamn er Vladivostok internasjonale lufthamn i Artjom, 50 km sør for Ussurijsk.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ussurijsk er heimby for eit pedagogiske institutt, ein jordbrukshøgskule og ein militær høgskule.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Sentrum i byen med gatene Lenina, Tsjitsjerina, Krasnoznamjonnaja og Agejeva er av historisk verdi. Det eldste hotellet i byen, i Leninagaten, vart oppført i 1880. Den eldste kinoen er Grand-Illjuzion og er frå 1908.

På det sentrale torget i byen står eit monument til raudegardistar og partisanar som døydde i slaga ved Ussurijsk i juni 1918. Eit monument til Lenin står på jernbanetorget.

Forbønskyrkja i Tsjitsjerinagaten vart bygt i 1914. Ho er den einaste religiøse bygningen i Primorskij kraj utan endringar og ombyggingar sidan 1917 og som vert nytta til sitt opphavlege formål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]