Usta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Usta eller Usteåne er ei elv i Hallingdal, som har gjeve namn til Ustedalen. Elva renn frå Ustaoset ved enden av Ustevatn og ned til Ustedalsfjorden (nærved Ustedalsfekjo). Frå Ustedalsfjorden renn elva ned gjennom Lio og møter vassdraget frå Hovet ved Hagafoss. Elva er gjerne kalla Usteåne nedanfor fjorden. Ho renn så ut i Strandafjorden ved Kleivi. Vassdraget heiter gjerne Storåne eller Hallingdalselve nedanfor denne staden.

Namnet Usta er av ei gamal rot som kan ha samanhang med eit ord for munning eller os (jmfr. latin Ostia).

Utvinning av elektrisitet har vore til stades i Usta alt kring 1910, mest for å nytte kraft til lokal industri.