Ustica
| Ustica | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Tyrrenhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 8 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Italia |
| Region Provins |
Sicilia Palermo |
| Demografi | |
| Folketal | 1 330 (2001) |
| Folketettleik | 166 /km² |
Ustica er ei lita øy 52 km nord for Capo Gallo på Sicilia i Italia. Ho er om lag 9 km på tvers og har om lag 1 300 innbyggjarar. Øya har regelmessig ferjesamband til Palermo.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
Øya har vore busett sidan om lag år 1500 f.Kr. av fønikarar. Grekarane kalla øya Osteodes (beinhus) til minne om dei mange tuse kartagenske mytteristar som vart forlatt her for å døy av svol på 300-talet fvt. Romarane gav øya namnet Ustica, latin for brend, på grunn av den svarte bergarten. Øya vert lokalt kalla «den svarte perla».
På 500-talet slo benediktinarmunkar seg ned på øya, men måtte snart forlate ho på grunn av krigar mellom europearar og arabarar. Det vart òg prøvd å kolonisere øya i mellomalderen, men på grunn av plyndringar av berbiske sjørøvarar.
På midten av 1700-talet flytta om lag 90 menneske til øya frå Lipari, ei anna øy som ligg nord for Sicilia og aust for Ustica. Dei tok med seg vernehelgenen til Lipari, San Bartolomeo, som snart òg vart vernehelgen for Ustica. På midten av 1800-talet til tidleg på 1900-talet vart det for mange innbyggjarar på Ustica, og mange familiar emigrerte til USA. Mange av desse familiane slo seg ned i New Orleans og området rundt.
I fasciståra i Italia og fram til 1950-åra vart Ustica nytta som eit fengsel. Benito Mussolini forviste tusenvis av politiske motstandarar til Ustica, ofte så mange som 1500 om gongen. Mange var homoseksuelle som vandra gjennom gatene med leppestift og slikepysjamas, dansa om nata eller oppførte blodige knivkampar. Tidleg i 1940-åra vart feilernærte og tuberkulosesjuke, jugoslaviske krigsfangar pressa inn på øya. I 1950-åra vart dei etterfulgt av mafiamedlemmar frå Sicilia.[1] Den mest kjende politiske fangen som sat på øya var Antonio Gramsci.
Øya vart kjend den 27. juni 1980 då eit fly styrta like ved øya og alle 81 passasjerar og mannskap mista livet.
Turisme[endre]
Ustica er særleg kjend som ein god stad for dykking og har fleire dykkeskular.
Fotnotar[endre]
- ↑ New Capri?, 1. september 1961
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ustica frå Engelsk Wikipedia .